Ledig stilling som fysioterapeut

Luster kommune

Om stillingen:

Søknadsfrist: 29.09.2021.

Søk på stillingen

Luster kommune søkjer etter fysioterapeut for barn og unge i 80 % fast stilling. Søknadsfrist 29.09.21.

Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding.

Stillinga er organisert under eininga helse, rehabilitering/habilitering, saman med ergo- og fysioterapeutar. Mange av oppgåvene er knytt til helsestasjon- og skulehelsetenesta.

Fysioterapeuten skal bidra i eit tverrfagleg, samordna og samhandlande tenestetilbod. Arbeidsoppgåvene vil vera førebyggande og helsefremjande, samt behandling og habilitering. Luster kommune ynskjer å møte barn og unge i deira omgjevnader. Oppgåvene vert difor utført i heimane deira, på helsestasjon, i barnehagar og på skular/oppvekstsenter i kommunen.

Arbeids- og ansvarsområde

  • Helsefremjande og førebyggande arbeid i helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Kartlegging og vurdering. Oppfølging av barn der ein avdekker behov.
  • Råd og rettleiing til barn, unge og deira familiar, samt andre vaksne rundt barn og unge
  • Samarbeide tverrfagleg på individ og systemnivå
  • Koordinere og delta i ansvarsgrupper og i arbeid med IP

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent fysioterapeut med norsk autorisasjon
  • Vidareutdanning i fysioterapi for barn og unge er ønskjeleg
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort gruppe 1

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for faget og for barn og unge
  • Verdsetje andre sin kompetanse og dele av eigen
  • Sjølvstendig og pliktoppfyllande
  • Serviceinnstilt, positiv og fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me kan tilby

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit fagleg sterkt, tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar.

Søknad

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa her: https://vismaluster.sysikt.no/recruitment/opening?0

For spørsmål om stillinga kan du henvende deg til kontaktperson. Dersom du har behov for hjelp til å søkje kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort.

Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette.

Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Powered by Labrador CMS