Fagfellevurdert

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Kommentar til artikkelen «Kjernemuskeltrening lover mer enn det kan holde: En forsknings- og erfaringsbasert gjennomgang».

Fagartikkel

Atle Hole Sæterbakken, Dr. Philos., professor ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. atle.saeterbakken@hvl.no.

Vidar Andersen, Dr. Philos., førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.

Denne fagartikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 5.september 2022. Ingen interessekonflikter oppgitt.

Samandrag

Introduksjon: Kjernemuskulaturtrening har blitt nytta som eit supplement til anna trening i idretten. Den vitskaplege evidensen om temaet har auka betydeleg det siste ti-året og blitt omfamna og konseptualisert av klinikarar, treningsbransjen, mosjonistar og idrettsutøvarar.

Hovuddel: Artikkelforfattarane til artikkelen «Kjernemuskeltrening lover mer enn det kan holde: En forsknings- og erfaringsbasert gjennomgang» retter kritikk mot den vitskapleg dokumentasjonen av effekten av treninga for å auke prestasjon i idrett og mot å førebygge ryggplager. Mykje av kritikken støtter vi, men ei rekkje ting er også upresist uttrykk. Dette gjeld spesielt idrett og prestasjon. Vidare er det problematisk at litteraturgjennomgangen manglar utviklinga av forskingsfronten det siste ti-året.

Avslutning: Kunnskapsfronten flyttast av praksisfeltet og gjennom empire i ulik takt. Mangel på empiri er ikkje det same som å forkaste ein hypotese. Spørsmålet vi stiller er ikkje om ein som idrettsutøvar skal trene kjernemuskulaturtrening, men korleis?

Nøkkelord: Idrettsprestasjon, buk- og ryggtrening, idrettsutøvarar, årsak-verknad, evidens.

Abstract

Comment to: Core training promises more than it can hold: A review of current literature and practical experience.

Introduction: In sport, core training has been used as a supplement to traditional training modalities. The scientific literature has significantly increased the last decade whereas core training has been embraced and conceptualized among clinicians, the fitness industry, exercise enthusiasts, and in sport.

Main section: In the paper “Core training promises more than it can hold: A review of current literature and practical experience” the authors criticize the lack of scientific evidence to improve performance in sport and to prevent injuries. We support a lot of the critic, but there are sections which lack details and precision especially regarding performance in sport. Furthermore, the authors find it problematic not to include the latest decade of research in the overview.

Summary: The status of knowledge is moved in the field of practice and in science, but in different speeds. Still, lack of evidence is not the same as rejecting a hypothesis. Therefore, and the question we ask is not whether an athlete should conduct core training or not, but who?

Keywords: Sport performance, abdominal- and back training, athletes, cause effect, evidence.

Kort sagt

Mykje av kritikken av artikkelforfattarane om effekten av kjernemuskulaturtrening er på sin plass. Samtidig er det å referere 30-40 års gamal forsking som fundamentet for kjernemuskulaturtrening problematisk. Spesielt då presisjonsnivået av idrettsleg prestasjon og funna frå empirien er tidvis fråverande. Til slutt, mangel på empiri ikkje er det same som at ein kan forkaste ein hypotese.

Innleiing

Det er gledeleg å lese gjennomgangen av kjernemuskulaturtrening frå eit forskings- og erfaringsbasert ståstad [1]. Artikkelforfattarane skal ha ros for arbeidet og dei trekker fram fleire gode poeng som vi seier oss heilt einige i. Likevel, det er nokre moment som vi meiner det er på sin plass å presisere då vi meiner svaret ikkje er så svart/kvitt som artikkelforfattarane uttrykker. Til dømes skrivast det at «kjernemuskulaturtrening vil for de fleste utan ryggplager vera virkningsløst». Frå eit hypotetisk-deduktiv ståstad, er det utfordrande å etterprøve slike formuleringar eller delar av artikkelen der ord som «lover», «vår erfaring» og «lapskaus trening» nyttast. Samtidig har vi kome til erkjenninga: Kunnskapsfronten flyttast gjennom både empiri og erfaring, der mangel på empiri ikkje er det same som at ein kan forkaste ein hypotese. Vidare vert manglande vitskapleg dokumentasjon mellom kjernemuskulaturtrening og idrettsprestasjon påpeika, men utan utdjupande konkretisering av kva dei legg i idrettsprestasjon. Idrettsprestasjon er avhengig av idretten si eigenart og funna frå litteraturen kan difor ikkje generaliserast til all idrettsleg prestasjon. Men artikkelen (etter vår tolking) reiser eit viktig spørsmål: Er kjernemuskulaturtrening nødvendig vist ein trener tung styrketrening med baseøvingar som knebøy, markløft og framover-bøygd ståande roing? Spørsmålet har blitt stilt i ulike fora der debatten har vore polarisert og i all hovudsak basert på personlege preferansar og/eller erfaringar. Underteikna skal avslutningsvis prøve å utdjupe vårt syn frå eit evidensbasert ståstad.

Hovuddel

Kjernemuskulaturtrening har blitt omfamna og konseptualisert av klinikarar, treningsbransjen, mosjonistar og idrettsutøvarar. Den evidensbasert litteraturen på treningsintervensjonar på ulike populasjonar har derimot hengt etter, men i det siste ti-året har vitskaplege publikasjonar auka betydeleg. Mykje av kritikken frå artikkelforfattarane er retta mot effekten av kjernemuskulaturtrening i høve til førebygging og behandling av ryggplager. Kritikken er på sin plass. Samstundes, og kanskje spesielt i kliniske samhengar, er det å kunne dokumentere effekt vanskeleg. Likevel, enten det er «til tross for» eller «på grunn av», rapporterer mange betring av ryggsmerte med kjernemuskulaturtrening [2-3]. Vi støtter artikkelforfattarane at den klare kausale samhengen mellom årsak-verknad er uklar i mange habiliterings- og rehabiliterings-samanhengar [4-6]. Då vi har sterkt avgrensa klinisk erfaring, vil konteksten vidare i all hovudsak vera retta mot idrett og prestasjon.

Frå ein vitskapleg ståstad, er forsking på kjernemuskulaturtrening i sin spe start. På 80- og 90-talet kom dei fyrste studia leia av Panjabi, Hodges, Richardson og McGill der fokuset låg på potensielle orsakar av korsryggsmerter [7-12]. Som studentar på 2000-talet vart vi undervist i «nøytrale soner, feed-forward/feed-backward, weak links, isolerte og isometriske core øvingar og serape effect» [7-13]. Dette var forskingsfronten då og det var difor ikkje unaturleg at idretten, og seinare treningsbransjen, nytta den litteraturen som var tilgjengeleg. På slutten av 2000-talet tok fleire forskarar til ordet for eit skifte i kjernemuskulaturtrening og betydninga av den [14-15]. Med andre ord meiner vi at forskinga må sjåast i lyset av sin tid og det er ei kjensgjerning at forskinga på kjernemuskeltrening har utvikla seg. Til dømes har forskinga i den seinare tid retta seg meir mot korleis ein kan implementere kjernemuskulaturen i den kinetiske kjeda framfor å isolere den [16-24]. Derfor meiner vi det blir noko problematisk når artikkelforfattarane [1] hevder at «fundamentet til kjernemuskeltreningskonseptet vakler» når forskinga som refererast til som «fundamentet» er 30-40 år gamal forsking og kunn en begrensa del av den siste tilgjengeleg forsking (spesielt innafor idrett og prestasjon) er nytta. Dette til tross for at artikkelforfattarane har nytta ein relativt konservativ definisjon av kjernemuskulaturtrening kor det i seinare tida har vore ein dreiing internasjonalt mot «trunk» og ikkje «core» trening (sjølv om dette ikkje har vore nytta konsekvent i litteraturen).

Artikkelforfattarane trekk fram Bergmark [25] si klassifisering av globale- og lokale muskelstabilisatorar der fleire forskargrupper hevda det var ein samanheng mellom enkeltmusklar sin dysfunksjon og prevelansen av ryggsmerter [9-11]. Mange av 90-og 2000-talets kjernemuskulaturøvingar vart utvikla nettopp for å stresse/trene dei lokale muskelstabilisatorane isolert. Samstundes har trening av desse to muskelstabilisatorsystema (globale og lokale) separert blitt tilbakevist på 2000-talet [14]: «This mistaken belief has promoted ineffective training strategies designed to train the local and globale muscle groups sepertaly in nonfunctional posistions» ( Willardson, 2007, p 980).

Mangel på evidens av effektar av kjernemuskulaturtrening vart påpeika av artikkelforfattarane. På tematikken, eksisterer det to systematiske oversiktsartiklar med tilhøyrande meta-analysar som undersøker kjernemuskulaturtrening og prestasjon [26-27] og ein oversiktsartikkel på effekten blant eldre [28]. Studia syner til små til moderate endringar (effekt storleikar) på idrettsleg prestasjon [26-27]. Generelt, vil usystematiske søk som ikkje kan etterprøvast stå i fare for det vi kallar «cherry picking». Altså, ein står i fare for å velje dei studia som understøtter sin eiga oppfatning eller fortolking.

Som påpeika av artikkelforfattarane [1], det å kvantifisere effekten av kjernemuskulaturtrening gjennom reliable og valide testar, lir av store kunnskapshull som bør tettast. Framleis er evna til å oppretthalde ein posisjon til utmatting den meste nytta testen, medan einskilde forskargrupper har designa eiga testutstyr [29-30]. Dahl og Tillaar [31] nytta ein lineær enkodar til å måle rotasjonshastigheit etter ein åtte vekers kjernemuskulaturtrening blant handballspelarar der kjernemuskulaturgruppa viste auka rotasjonshastigheit og skothastigheit samanlikna med kontrollgruppa. Per dags dato, er underteikna ikkje kjent med validerte og reliable øvingar eller testar for å undersøke «weak links» eller treningseffekter av kjernemuskulaturen [32]. Oversiktsartikkelen som vart publisert nyleg understreker behovet å utvikle dynamiske testar for ulike idrettar [33]. Likevel, mange (inkluderte Olympiatoppen) har utvikla testbatteri som vert nytta i ulike populasjonar (inkluderte utøvarar på elitenivå). Kanskje har den erfaringsbaserte kunnskapen komen lengre enn den vitskaplege?

Så til kjernespørsmålet (fritt tolka av oss) i artikkelen [1]: Kan tradisjonell tung styrketrening erstatte kjernemuskulaturtrening? To tverrsnittstudiar har undersøkt muskelaktivering i tung knebøy og markløft (70-100% av 1RM) med tradisjonelle kjernemuskulaturøvingar [34-35]. Begge studiane viste høgare muskelaktivitet i m. erector spinae i knebøy og markløft, men ikkje i m. rectus abdominis eller m. obliquus externus samanlikna med kjernemuskulaturøvingane. Av stor viktigheit, kjernemuskulaturøvingane vart gjennomført med lav intensitet til ein ikkje-utmatting tilstand [35] eller ved å oppretthalde ein posisjon i tre sekund [34]. Mange vil hevde at å samanlikninga kjernemuskelaktivering under så ulike forhold er feil og som å samanlikne «eple med bananar». Dette til tross, akutte studiar kan ikkje seie noko om kausalitet. Uansett, funna indikerer at det i knebøy er store forskjellar i aktivering mellom dei ulike kjernemusklane [34-35]. Dette er i samsvar med observasjonar frå vår lab der magemuskulaturen er relativt lite aktivert når ein utførar knebøy og beinpress med tung motstand (3-RM) [36]. Med andre ord, når ein hevdar at tunge baseøvingar aktiverer kjernemuskulaturen tilstrekkeleg, så er det nok på sin plass å presisere kva for kjernemusklar ein meiner og ikkje slå alle under same kam. Vidare, og til vår kjennskap, har kunn ein studie som har undersøkt effekten av kombinert kjernemuskulaturtrening med vekt- og styrkeløft blant mannlege vektløftar [37]. Gruppa som kombinerte kjernemuskulaturtrening med vektløfting vist større framgang i støt enn gruppa som kunn trena tradisjonelt medan det var ingen forskjell i rykk, knebøy eller benkpress mellom gruppene etter ein ti-vekers periode.

Underteikna vil hevde å ha gjennomgått det meste av tilgjengeleg forskingslitteratur der kjernemuskulaturtrening og prestasjon har blitt undersøkt [27]. Som artikkelforfattarane påpeiker, er variasjonen i sjølve kjernemuskulaturtrening stor. Samstundes, når kjernemuskulaturtrening vert implementert i vanleg trening og eller utført som ekstra trening, viser meta-analysen ein moderat effekt (effekt storleik) på prestasjonsmål som kasthastigheit, slaglengde i golf, og symjetid samanlikna med å trene idretten som vanleg (dvs. utan å trene kjernemuskulaturen) [27]. Faktisk viste 11 av dei 12 studia som undersøkte idrettsspesifikk prestasjon, positiv framgang samanlikna med å trene som vanleg. Og ja, dei nemnte studia har ei rekkje veikskapar. Samstundes var det ingen av desse studia som nytta tradisjonell styrketrening som kontroll. Til vår kjennskap, har ikkje dette blitt undersøkt vitskapleg. Dette bør gjerast. Så til spørsmålet, og ikkje påstanden, om at kjernemuskulatur lover meir enn det kan holde: I høve til idrett, vel vi å følgje Ole Brum sitt kjente utsegn «Ja takk, begge deler». Ja takk til både tradisjonell tung styrketrening og kjernemuskulaturtrening. Dette fordi vitskapen ikkje har vist at tung styrketrening kan erstatte kjernemuskulaturtrening og at både kjernemuskulaturtrening og tradisjonell styrketrening har vist signifikant effekt på prestasjon.

Avslutning

Kjernemuskulaturtrening er ikkje alltid klart definert der medisinballkast kan bli klassifisert som både kjernemuskulaturtrening, lokal muskulær uthaldstrening og styrketrening. Vidare har forskargrupper undersøkt akutte effektar av å implementere og/eller auke kravet kjernemuskulaturtrening i styrkeøvingar [16-24]. Dette har blitt gjort ved å endre understøtteleseflata i tradisjonelle styrkeøvingar (t.d. ståande framfor sittande posisjon), unilateralt framfor bilateralt utføring, nytte elastiske band, modifisere tradisjonelle kjernemuskulaturøvingar eller endre stabilitetskravet. Dei akutte effektane av kjernemuskulaturaktivering verkar lovande samanlikna med tradisjonelle utføring av styrkeøvingane, sjølv om langtidseffekten ikkje er undersøkt.

Som forskarar meiner vi at spørsmålet er ikkje om ein som idrettsutøvar skal trene kjernemuskulaturtrening, men korleis? Per dags dato har den evidensbaserte litteraturen ikkje svaret.

Referansar

1. Paulsen G, Haugvad L, Solberg P. Kjernemuskeltrening lover mer enn det kan holde: En forsknings- og erfaringsbasert gjennomgang. Fysioterapeuten. 2022;6(22). https://www.fysioterapeuten.no/fagfellevurdert-fysioterapi-idrettsfysioterapi/kjernemuskeltrening-lover-mer-enn-det-kan-holde-en-forsknings-og-erfaringsbasert-gjennomgang/143124

2. Coulombe BJ, Games KE, Neil ER, Eberman LE. Core Stability Exercise Versus General Exercise for Chronic Low Back Pain. J Athl Train. 2017;52(1):71-2. Epub 20161116. PubMed PMID: 27849389; PubMed Central PMCID: PMCPMC5293521. http://dx.doi.org/10.4085/1062-6050-51.11.16.

3. Mannion AF, Caporaso F, Pulkovski N, Sprott H. Spine stabilisation exercises in the treatment of chronic low back pain: a good clinical outcome is not associated with improved abdominal muscle function. Eur Spine J. 2012;21(7):1301-10. Epub 20120124. PubMed PMID: 22270245; PubMed Central PMCID: PMCPMC3389103. http://dx.doi.org/10.1007/s00586-012-2155-9.

4. Foss IS, Holme I, Bahr R. The prevalence of low back pain among former elite cross-country skiers, rowers, orienteerers, and nonathletes: a 10-year cohort study. Am J Sports Med. 2012;40(11):2610-6. Epub 20120912. PubMed PMID: 22972850. DOI: 10.1177/0363546512458413

5. Kingma I, Faber GS, van Dieen JH. How to lift a box that is too large to fit between the knees. Ergonomics. 2010;53(10):1228-38. PubMed PMID: 20865606. DOI: 10.1080/00140139.2010.512983

6. Khoddam-Khorasani P, Arjmand N, Shirazi-Adl A. Effect of changes in the lumbar posture in lifting on trunk muscle and spinal loads: A combined in vivo, musculoskeletal, and finite element model study. J Biomech. 2020;104:109728. Epub 20200229. PubMed PMID: 32147242. https://doi.org/10.1016/j.jbiomech.2020.109728

7. Panjabi MM. The stabilizing system of the spine. Part I. Function, dysfunction, adaptation, and enhancement. J Spinal Disord. 1992;5(4):383-9; discussion 97. Epub 1992/12/01. PubMed PMID: 1490034. http://dx.doi.org/10.1097/00002517-199212000-00001.

8. Panjabi MM. The stabilizing system of the spine. Part II. Neutral zone and instability hypothesis. J Spinal Disord. 1992;5(4):390-6; discussion 7. PubMed PMID: 1490035. http://dx.doi.org/10.1097/00002517-199212000-00002.

9. Vera-Garcia FJ, Elvira JL, Brown SH, McGill SM. Effects of abdominal stabilization maneuvers on the control of spine motion and stability against sudden trunk perturbations. J Electromyogr Kinesiol. 2007;17(5):556-67. Epub 20060922. PubMed PMID: 16996278. http://dx.doi.org/10.1016/j.jelekin.2006.07.004.

10. Hodges PW, Richardson CA. Transversus abdominis and the superficial abdominal muscles are controlled independently in a postural task. Neurosci Lett. 1999;265(2):91-4. PubMed PMID: 10327176. doi: 10.1016/s0304-3940(99)00216-5.

11. Cholewicki J, McGill SM. Mechanical stability of the in vivo lumbar spine: implications for injury and chronic low back pain. Clin Biomech (Bristol, Avon). 1996;11(1):1-15. PubMed PMID: 11415593. http://dx.doi.org/10.1016/0268-0033(95)00035-6.

12. McGill SM, Norman RW. Reassessment of the role of intra-abdominal pressure in spinal compression. Ergonomics. 1987;30(11):1565-88. PubMed PMID: 3443085. http://dx.doi.org/10.1080/00140138708966048.

13. Vleeming A, Pool-Goudzwaard AL, Stoeckart R, van Wingerden JP, Snijders CJ. The posterior layer of the thoracolumbar fascia. Its function in load transfer from spine to legs. Spine (Phila Pa 1976). 1995;20(7):753-8. PubMed PMID: 7701385.

14. Willardson JM. Core stability training: applications to sports conditioning programs. J Strength Cond Res. 2007;21(3):979-85. Epub 2007/08/10. PubMed PMID: 17685697. http://dx.doi.org/10.1519/R-20255.1.

15. Lederman E. The myth of core stability. J Bodyw Mov Ther. 2010;14(1):84-98. Epub 2009/12/17. PubMed PMID: 20006294. http://dx.doi.org/10.1016/j.jbmt.2009.08.001.

16. Gottschall JS, Mills J, Hastings B. Integration core exercises elicit greater muscle activation than isolation exercises. J Strength Cond Res. 2013;27(3):590-6. PubMed PMID: 22580983. DOI: 10.1519/JSC.0b013e31825c2cc7

17. Fenwick CM, Brown SH, McGill SM. Comparison of different rowing exercises: trunk muscle activation and lumbar spine motion, load, and stiffness. J Strength Cond Res. 2009;23(5):1408-17. PubMed PMID: 19620925. DOI: 10.1519/JSC.0b013e3181b07334

18. Andersen V, Fimland MS, Gunnarskog A, Jungard GA, Slattland RA, Vraalsen OF, et al. Core Muscle Activation in One-Armed and Two-Armed Kettlebell Swing. J Strength Cond Res. 2016;30(5):1196-204. Epub 2015/10/17. PubMed PMID: 26473519. DOI: 10.1519/JSC.0000000000001240

19. Andersen V, Fimland MS, Saeterbakken A. Trunk Muscle Activity in One- and Two-Armed American Kettlebell Swing in Resistance-Trained Men. Sports Med Int Open. 2019;3(1):E12-E8. Epub 2019/03/27. PubMed PMID: 30911671; PubMed Central PMCID: PMCPMC6428676. DOI: 10.1055/a-0869-7228

20. Behm DG, Leonard AM, Young WB, Bonsey WA, MacKinnon SN. Trunk muscle electromyographic activity with unstable and unilateral exercises. J Strength Cond Res. 2005;19(1):193-201. Epub 2005/02/12. PubMed PMID: 15705034. DOI: 10.1519/1533-4287(2005)19<193:TMEAWU>2.0.CO;2

21. Saeterbakken A, Andersen V, Brudeseth A, Lund H, Fimland MS. The Effect of Performing Bi- and Unilateral Row Exercises on Core Muscle Activation. Int J Sports Med. 2015;36(11):900-5. Epub 2015/07/03. PubMed PMID: 26134664. DOI: 10.1055/s-0034-1398646

22. Saeterbakken AH, Chaudhari A, van den Tillaar R, Andersen V. The effects of performing integrated compared to isolated core exercises. PLoS One. 2019;14(2):e0212216. PubMed PMID: 30811444. DOI: 10.1371/journal.pone.0212216

23. Saeterbakken AH, Fimland MS. Muscle activity of the core during bilateral, unilateral, seated and standing resistance exercise. Eur J Appl Physiol. 2012;112(5):1671-8. Epub 2011/08/31. PubMed PMID: 21877146. DOI: 10.1007/s00421-011-2141-7

24. Santana JC, Vera-Garcia FJ, McGill SM. A kinetic and electromyographic comparison of the standing cable press and bench press. J Strength Cond Res. 2007;21(4):1271-7. Epub 2007/12/14. PubMed PMID: 18076235. DOI: 10.1519/R-20476.1

25. Bergmark A. Stability of the lumbar spine. A study in mechanical engineering. Acta Orthop Scand Suppl. 1989;230:1-54. PubMed PMID: 2658468. http://dx.doi.org/10.3109/17453678909154177.

26. Prieske O, Muehlbauer T, Granacher U. The Role of Trunk Muscle Strength for Physical Fitness and Athletic Performance in Trained Individuals: A Systematic Review and Meta-Analysis. Sports Med. 2016;46(3):401-19. PubMed PMID: 26589515. DOI: 10.1007/s40279-015-0426-4

27. Saeterbakken AH, Stien N, Andersen V, Scott S, Cumming KT, Behm DG, et al. The Effects of Trunk Muscle Training on Physical Fitness and Sport-Specific Performance in Young and Adult Athletes: A Systematic Review and Meta-Analysis. Sports Med. 2022;52(7):1599-622. Epub 20220121. PubMed PMID: 35061213; PubMed Central PMCID: PMCPMC9213339. http://dx.doi.org/10.1007/s40279-021-01637-0.

28. Granacher U, Lacroix A, Muehlbauer T, Roettger K, Gollhofer A. Effects of core instability strength training on trunk muscle strength, spinal mobility, dynamic balance and functional mobility in older adults. Gerontology. 2013;59(2):105-13. Epub 20121024. PubMed PMID: 23108436. DOI: 10.1159/000343152

29. Sung DJ, Park SJ, Kim S, Kwon MS, Lim YT. Effects of core and non-dominant arm strength training on drive distance in elite golfers. J Sport Health Sci. 2016;5(2):219-25. Epub 20150423. PubMed PMID: 30356504; PubMed Central PMCID: PMCPMC6188607. https://doi.org/10.1016/j.jshs.2014.12.006

30. Lephart SM, Smoliga JM, Myers JB, Sell TC, Tsai YS. An eight-week golf-specific exercise program improves physical characteristics, swing mechanics, and golf performance in recreational golfers. J Strength Cond Res. 2007;21(3):860-9. PubMed PMID: 17685707. DOI: 10.1519/R-20606.1

31. Dahl KS, van den Tillaar R. The Effect of Eight Weeks of Sling-Based Training with Rotational Core Exercises on Ball Velocity in Female Team Handball Players. J Hum Kinet. 2021;77:261-72. Epub 20210130. PubMed PMID: 34168709; PubMed Central PMCID: PMCPMC8008300. DOI: https://doi.org/10.2478/hukin-2021-0024

32. Bahr R. Why screening tests to predict injury do not work-and probably never will...: a critical review. Br J Sports Med. 2016;50(13):776-80. Epub 20160419. PubMed PMID: 27095747. http://dx.doi.org/10.1136/bjsports-2016-096256.

33. Behm DG, Daneshjoo A, Alizadeh S. Assessments of Core Fitness. ACSMs Health & Fitness Journal. 2022;26(5):68-83. doi: 10.1249/fit.0000000000000801.

34. Nuzzo JL, McCaulley GO, Cormie P, Cavill MJ, McBride JM. Trunk muscle activity during stability ball and free weight exercises. J Strength Cond Res. 2008;22(1):95-102. Epub 2008/02/26. PubMed PMID: 18296961. DOI: 10.1519/JSC.0b013e31815ef8cd

35. Hamlyn N, Behm DG, Young WB. Trunk muscle activation during dynamic weight-training exercises and isometric instability activities. J Strength Cond Res. 2007;21(4):1108-12. Epub 2007/12/14. PubMed PMID: 18076231. http://dx.doi.org/10.1519/R-20366.1.

36. Saeterbakken AH, Stien N, Pedersen H, Andersen V. Core Muscle Activation in Three Lower Extremity Exercises With Different Stability Requirements. J Strength Cond Res. 2022;36(2):304-9. PubMed PMID: 31895283. DOI: 10.1519/JSC.0000000000003465

37. Abdalla B, Coskun F, Oge B, Bingol M. The effects of ten weeks of core training on core and maximal strength in male weightlifters. Int J Eurasian Edu Cult 2021;6(15):2702-15. http://dx.doi.org/10.35826/ijoecc.509

Author(s) (or their employer(s)) 2022. Re-use permitted under CC BY-NC. No commercial re-use. See rights and permissions (https://creativecommons.org/licenses/by-nc/4.0/). Published by Fysioterapeuten.

Powered by Labrador CMS