Personlig erfaring

Hva med et annet inntakssystem til fysioterapeututdanningene?, spør artikkelforfatterne.

Fysioterapeututdanninga: Innføring av to-kvote søknad - eit steg i riktig retning?

Personlig erfaring

Sondre Solberg

Sondre Solberg, 3.års fysioterapeutstudent, Høgskulen på Vestlandet og nestleder FYSIO Bergen og styreverv FYSIO Norge.

Jonas Lillejord

Jonas Lillejord, 3.års fysioterapeutstudent, Høgskulen på Vestlandet og leder FYSIO Bergen.

Personlige erfaringer vurderes redaksjonelt. Artikkelen inneholder forfatternes meninger/ erfaringer.

Me er svært takksam for moglegheita til å engasjera og utdanna oss som framtidige fysioterapeutar, og ingen av oss angrar eit sekund på kva retning me har vald. Begge oss forfatterane hadde klare mål om kva me ville oppnå med utdanninga da me leverte søknaden inn til Samordna opptak. Det vert stilt krav til eit høgt snitt, og medan den eina av oss forfattarane kom inn med kvota for fyrstegongsvitnemål, kom den andre inn med ordinær kvote. Heldigvis oppfylte me poengkrava, men slik er det nødvendigvis ikkje for alle som ynskjer å utdanna seg som fysioterapeut. Gjennom denne artikkelen vil me drøfta fordelar og ulemper av å implementera ei «2 kvote ordning», som tar for seg blant anna kor skikka og motivert ein er ved opptak.

Innleiing

Dei siste åra har poengkrava for å kome inn på ulike studiar skutt i været. Dette er blant anna eit resultat av koronapandemien, og langt fleire har søkt seg inn og poenggrensa har blitt betydeleg høgare ved studiar som allereie har ei høg poenggrense (1). I følgje tal frå samordna opptak er snittet for fysioterapiutdanninga generelt høgt ved alle dei fire utdanningsinstitusjonane i Noreg, og dette er ei veldig populær utdanning på landsbasis (2). I tabellane nedanfor ser du endring av poengkrava dei siste åra for å koma inn på studiet i Noreg via hovudopptak. Tal henta frå Samordna opptak (3).

I Danmark og andre land søkjar ein i to kvoter, kvote 1 og kvote 2. I kvote 1 er det flest plassar (ofte ca. 65 %, nokre har 50/50), og her er det berre karakteren som tel, akkurat slik som i Noreg. Søkjar ein i kvote 2 vert ein automatisk også vurdert i kvote 1, og ved høgt nok snitt kjem ein inn via kvote 1. I kvote 2 skal andre ting hjå søkaren vurderast, og døme på dette kan vera relevant arbeidserfaring, relevant utdanning, eller motivasjonsbrev. Kva som vert vektlagt varierer frå lærestad til lærestad (4). Meininga med eit slikt to-kvote-system er å sikra at det ikkje berre er karakterane som avgjer om ein får byrja på utdanninga, men også personlege faktorar.

I Nederland har dei lang erfaring i bruk av poenggrenser i opptaksprosessen slik som i Noreg, men i tillegg vert det nytta supplerande seleksjonsprosedyrar (frå og med 2013). Studiar som fysioterapi og medisin nyttar seleksjonprosedyrar for å fange opp kven som er mest eigna kandidat til å gjennomføra studiet og møta kompetansekrava som vert stilt i (5,6). Spesielt i studiar med stor konkurranse å koma inn kan det være enda meir viktig å testa indikatorar som er predikerande for suksess i både studien og profesjon.

Hovuddel

Det er viktig å få fram at diskusjonen vidare byggjar på våre tankar, samt innspel gjennom FYSIO Norge sin Instagram. I ein story på FYSIO Norge sin Instagram tok me opp temaet der studentar fekk moglegheit til å koma med tankane sine. Argumenta som gjekk igjen var at fungerande opptakssystem tek for seg akademiske prestasjonar isolert, men at det ikkje nødvendigvis er eit karaktersnitt frå vidaregåande som skal sei kor dyktig fysioterapeut ein vert. Som me som fysioterapeutar veit, er evalueringsinstrument blitt utvikla til spesifikke mål. Karaktersnitt frå vidaregåande har mål å evaluera læring innanfor vidaregåande, det er eit validitetsspørsmål om det har predikerande verdi (7). I tillegg har ikkje relevant erfaring noko å sei for opptaket, noko me tykkjer bør leggast større vekt på. Å jobba som fysioterapeut bør ein ha gode menneskelege dugleikar som evne til relasjonsbygging og samhandling, samt anvende teori til praksis. Dette er noko som ikkje vert vektlagt i opptaket, då karakteren isolert er det som avgjer kven som vert framtidas fysioterapeutar (8).

Dette kan resultera i at samfunnet går glipp av potensielle ivrige fysioterapeutar med hjarte for faget, og som har eit ynskje om å vidareutvikla profesjonen. Det er naturleg å tenka at ein motivert og engasjert student vil legga inn meir innsats, og dermed ha gode føresetnadar for å tileigna seg kunnskap for å fullføra studiet, sjølv med ei utilfredsstillande poenggrense. Ein konsekvens av dette er at folk vel å reisa til utlandet grunna lågare opptaksgrenser og/eller to-kvote-system, eller i verste fall må finne seg eit anna studie.

Ved å ta i bruk ei slik ordning ser me føre oss fleire studentar på dei ulike utdanningsinstitusjonane som verkeleg har lyst til å bli fysioterapeut i framtida, og då kan dette vera med på å sikra meir aktiv deltaking i undervisninga. Sjølv om me veit at aktiv deltaking bidrag til betre læring og meir kritisk tenking hos studentar (som er høgst viktig innanfor fysioterapien), er dette ei utfordring som går igjen ved fleire utdanningar. Frå vår eiga erfaring saman med kommentarar frå forelesarar og medstudentar på Høgskulen på Vestlandet (HVL), er den aktive deltakinga nokså låg. Det går igjen kven som er med i diskusjonar under forelesning, og som ein medstudent sa, “kan ein vera ganske inaktiv i timen, og likevel koma seg gjennom heile studiet utan å seie eit einaste ord i plenumsdiskusjon”. Dette er nokså trist synast me, då eit krav blant fysioterapeutar er evne til kommunikasjon, samhandling og relasjonsbygging (9).

Ref. Fysioterapeuten (8), vart det presisert at lærarutdanningane i Finland opplevde større grad av eigna og motiverte kandidatar, og at fleire fullførte studiet ved ei slik ordning. 3. årsstudentane på HVL har per dags dato 77 kandidatar som skal ut i praksis til 6. semester, medan 2.årsstudentane er nede i 58 stk. Kullet på HVL som leverte bachelor og gjennomførte klinisk eksamen sumaren 2022 var omtrent 62 stk. Me veit at det er mange som etter enda turnus går inn i ei usikker framtid som fysioterapeut pga. eit dårleg arbeidsmarknad med få ledige stillingar. Vår tanke er dersom ein får fleire engasjerte og motiverte studentar gjennom utdanninga via ei slik ordning, kan dette bidra til at nyutdanna tar opp kampen mot andre søkarar, samt redusera risiko for at ein mister drivkrafta i prosessen med å få seg jobb etter turnus.

Ei utfordring med eit slikt system er at opptaksprosessen vert meir omfattande samanlikna med dagens form. Det vert stilt eit høgare ressurskrav for å gjennomgå alle søknadane, samt gjennomføring av intervju/testing. I Fysioterapeuten (8) tok dei opp usikkerheita rundt gevinsten av dette. Ved å samanlikna kostnad-nytte trur me på sikt at ein vil sjå fleire som gjennomfører utdanninga som vidare vil vera til fordel for samfunnsøkonomien. Dette vert understøtta ved ein stor studie ved Maastricht Universitet som tok for seg kost-nytte ved legestudiet og viste ein relasjon ved å nytta seleksjon samanlikna med karakterar (10) Samtidig vil evaluering av effekt vera ein krevjande og omfattande prosess som er avhengig av eit lengre tidsperspektiv for å sjå resultat.

Det som også kan vera utfordrande med ei slik ordning, er at ein søkar kan selja seg inn ved å overdriva gjennom eit motivasjonsbrev/søknad. Dette gjer at prosessen i å velja ut kven som er mest eigna kan verta krevjande. På den andre sida, er ei utdanning i seg sjølv med på å bestemma det som vil bli di eiga framtid, og difor kan det tenkjast at søkjarane ikkje vel å gjere det på ein slik måte. I tillegg er det eit velfungerande system i andre land. Uansett vil ein møte utfordringar knytt til å ha gode nok strukturerte og pedagogiske metodar til å avdekka motivasjonen og kor eigna ein er på førehand. Ein kan sjå føre seg at det vil verta mykje bruk av skjønn i eit slikt arbeid, og nokon kan verta utelukka på feil grunnlag. Det kan rett og slett bli for tilfeldig kven som vert plukka ut. Subjektive meiningar kan få for mykje makt, og korleis skal ein eigentleg sikra kvaliteten blant utvalet?

Ein moglegheit kan vera å ha korte intervju og måleinstrument som skal bidra til å predikera variablane som er relevant. Det eksisterer mykje forsking på det innanfor medisinstudiet i Nederland, som viser at ein kombinasjon av forskjellige metodar innanfor seleksjon aukar match mellom søkaren, studien og viktigast av alt, kompetansen i profesjon (11). Ei utfordring med dette er den praktiske gjennomføringa med ein stor mengd søkarar. I følje tal frå Samordna opptak var det i 2022 1932 søkarar (fyrsteval) som skulle fordelast på 385 studieplassar, noko som er ein nedgang på 12,6 % samanlikna med 2021 (12).

Eit av motargumenta i den førre diskusjonen då temaet vart teken opp i 2018, var at studiestadane undervegs skal vurdera om studentane er skikka til yrket dei utdannar seg til gjennom ei skikkavurdering, noko som også er formålet med vurderinga (13). Ein slik (10) prosess krev omfattande dokumentasjon og tek ofte lang tid før ein landar på ein konklusjon, i tillegg til å verta sjeldan nytta. Dette motargumentet meiner me er dårleg, då skikkavurderinga i utgangspunktet berre fangar opp dei som absolutt ikkje bør jobba som helsepersonell, og vert ikkje nytta for å vurdera personlege kvalifikasjonar som motivasjon, engasjement og handlingskraft. Dessutan, dersom ein gjennom skikkavurdering faktisk får fjerna dei «ueigna», så er jo det bra, men samstundes er det ikkje mogleg å erstatta denne plassen.

Oppsummering

Målet med denne teksten er ikkje å seia at det skal verta slik, men å få i gong ein diskusjon om dette er noko som bør eller kan implementerast i opptaksprosessen på fysioterapiutdanninga, noko me ser på som særs hensiktsmessig og nyttig. Me ynskjer at dei som ikkje har toppkarakter i alle fag på VGS også kan og skal få moglegheita til å verta fysioterapeut. Begge oss to brenn veldig for fysioterapi. Fysioterapi for oss inneber ikkje berre arbeid på mikro, meso eller makro nivå. Fysioterapi for oss handlar også om å driva profesjonen vidare, å få ein auka standard blant utøvande fysioterapeutar, og kunna ha gode faglege diskusjonar og refleksjonar med flinke kollegaar! Me veit at ei slik kvoteendring ikkje vil påverka oss som studerer per dags dato direkte. Samstundes tenkjer me at ei slik ordning «i det lange løp» vil kunna vera med å heva standarden for framtidas fysioterapeutar. Det er velfungerande i Nederland, og ein kan ikkje konkludera med at det ikkje kjem til å fungera i Noreg med mindre ein faktisk har prøvd.

Referanseliste

1. Tønnessen, E. (2020, 22. juli). Mange studier med høye poengkrav. https://khrono.no/mange-studier-med-hoye-poengkrav/503584

2. Lossius, L. O. (2022, 25. juli). Fysioterapiutdannelsen på topplisten. https://www.fysioterapeuten.no/bachelorutdanning-fysioterapeut-fysioterapeuter/fysioterapiutdannelsen-pa-topplisten/143746

3. Workbook: Poenggrenser og ventelistetall hovedopptak/suppleringsopptak. (2022). https://rapport-dv.uhad.no/t/SO-datavarehus/views/Poenggrenserogventelistetallhovedopptaksuppleringsopptak_16275618215770/Poenggrenser?%3Adisplay_count=n&%3Aembed=y&%3AisGuestRedirectFromVizportal=y&%3Aorigin=viz_share_link&%3AshowAppBanner=false&%3AshowVizHome=n&fbclid=IwAR3wqj-pIqRfjNl0_dHdaH5-yvnuqID8w7VrdH7mgDC2b41555PAk0ptWD0

4. ANSA - Søke studier i Danmark. (u.å.). Hentet 11. november 2022 fra https://www.ansa.no/studier-i-utlandet/for/land/europa/danmark/Soke-studier-i-Danmark/

5. Hanze University of Applied Science. (u.å.). Application. Hentet 16. november 2022 fra https://www.hanze.nl/eng/education/health/school-of-health-care-studies/programmes/bachelor/international-programme-physiotherapy/study-choice/applying/admission-requirements

6. Maastricht University. (u.å.). Admission requirements | Medicine | Maastricht University. Hentet 16. november 2022 fra https://www.maastrichtuniversity.nl/education/bachelor/bachelor-medicine/requirements

7. Schreurs, S., Cleutjens, K., Collares, C. F., Cleland, J. & oude Egbrink, M. G. A. (2019). Opening the black box of selection. Advances in Health Sciences Education, 25(2), 363–382. https://doi.org/10.1007/s10459-019-09925-1

8. Høstmark, C. B. (2018, 8. november). – Vanskelig å teste egnethet før opptak. https://www.fysioterapeuten.no/utdanning/vanskelig-a-teste-egnethet-for-opptak/117416

9. Studieplan BFYS - Høgskulen på Vestlandet. (2022). https://www.hvl.no/studier/studieprogram/fysioterapi/2022h/studieplan/

10. Schreurs, S., Cleland, J., Muijtjens, A. M. M., oude Egbrink, M. G. A. & Cleutjens, K. (2018). Does selection pay off? A cost–benefit comparison of medical school selection and lottery systems. Medical Education, 52(12), 1240–1248. https://doi.org/10.1111/medu.13698

11. Schreurs, S. (2020). Selection for Medical School: The quest for validity [Doctoral Thesis, Ipskamp Printing BV]. https://doi.org/10.26481/dis.20200320ss

12. Strupstad, J. H. (2022, 27. april). Færre vil bli fysioterapeut. https://www.fysioterapeuten.no/fysioterapeut-fysioterapeuter-fysioterapi/faerre-vil-bli-fysioterapeut/142165

13. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning—Lovdata. (2006). https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859

Powered by Labrador CMS