Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens mening.

Fysioterapeut Sondre Solberg set eit kritisk blikk på fysioterapirolla i denne ytringa.

Er me gode nok? 

- Fysioterapeutar er kanskje den beste profesjonen på patologi i muskel- skjelettapparatet, og ein god samarbeidspartnar for fastlegen. Samtidig kan eit forum med kun fysioterapeutar oppleves som eit "ekkokammer", der ein unngår å stille dei kritiske spørsmåla om me er gode nok i klinisk resonnering, differensialdiagnostikk, treningslære og tryggheit i møte med usikkerheit. Fysioterapeut Sondre Solberg set eit kritisk blikk på fysioterapirolla i denne ytringa.

Skrevet av Sondre Solberg, fysioterapeut.

Helsevesenet i dagens samfunn er i endring. Fysioterapeutar tar aukande grad av ansvar for å handtere helseutfordringar i den norske befolkning samanlikna med tidlegare. Det har over lengre tid vert problematisk at fastlegane har ein hektisk kvardag med fulle lister, lang ventetid og utilstrekkeleg med tid til kvar enkelt pasient. Som eit tiltak for å avlaste fastlegen vedrørande muskel- og skjelettsystemet fekk fysioterapeutar med vidareutdanning i manuellterapi, saman med kiropraktorar rolla som primærkontakt i 2006. Endringa medførte effektivisering og betre pasientflyt. Politikarane såg potensialet med den nye ordninga, og avvikla kravet for tilvising i 2018. Dette medførte at pasientar fekk direkte tilgang til alle fysioterapeutar. Dette er ein tillitserklæring til vårt fag, men medfører også eit stort ansvar. Har fysioterapiutdanninga tatt høgde for denne endringa og ansvaret dette medfører for å sikre tilstrekkelege faglege kvalifikasjonar?

Dette er ein tillitserklæring til vårt fag, men medfører også eit stort ansvar

Eit ekkokammer?

Fysioterapidagen den 8. september blei brukt til å feire og hylle vår kompetanse som fysioterapeut, samt understreke vår viktige plass i helsevesenet. Me skal vere stolt over å titulere oss som ekspertar på muskel- og skjelettplager, samt feire aukande tillit av helsemyndigheitene og pasientane. Fysioterapeutar er kanskje den beste profesjonen på patologi i muskel- skjelettapparatet, og ein god samarbeidspartnar for fastlegen. Samtidig kan eit forum med kun fysioterapeutar oppleves som eit "ekkokammer", der ein unngår å stille dei kritiske spørsmåla om me er gode nok i klinisk resonnering, differensialdiagnostikk, treningslære og tryggheit i møte med usikkerheit.

Hensikta med innlegget er på ingen som helst måte å undergrave vår kompetanse som fysioterapeut. Eg er sjølv stolt av å titulera meg fysioterapeut, har «verdas beste jobb», og veit at me blir ei sentral brikke i handtering av framtidas helseutfordringar. Eit døme på dette er gjennom auka involvering av fysioterapeutar på fleire poliklinikkar på sjukehus i Norge, blant anna på skulderpoliklinikken på Haraldsplass Diakonale sjukehus. Dette avlastar ortopedane slik at dei får fleire timar på operasjonssal og kan korte ned ventelistene i eit allereie pressa helsevesen. Eg ynskjer å få fysioterapistudentar, nyutdanna- og erfarne fysioterapeutar, samt tilsette ved fysioterapiutdanninga til å reflektere over dagens situasjon. Er me tilfreds med produktet me leverer, og på kva områder kan me vidareutvikle oss i framtidige pasientmøter? Ikkje for at me er dårlege terapeutar, men kan me bli betre? 

Utdanninga: Er grunnmuren sterk nok?

Bachelorutdanninga i Norge held eit høgt fagleg nivå på fleire fagfelt, men eg stiller spørsmål til prioriteringa av innhaldet. I eit fag i kontinuerleg endring har studentane behov for rettleiing for å tileigne seg fagleg relevant oppdatert kunnskap. Utdanningsinstitusjonen skal vera ein trygg arena for å søke kunnskap og utvikle kompetanse. Kompetanseutvikling er ikkje berre kunnskapsoverføring frå førelesar til student, men vert utvikla gjennom resonnering, diskusjonar, refleksjonar og livslang læring. Ein av utfordringane er at faget vårt er prega av store variasjonar av tilnærmingar der det nødvendigvis ikkje eksisterer ein fasit. Spørsmålet er om denne problematikken kjem tydeleg nok fram i undervisninga? Som student har du ikkje utvikla din eigen tilnærming til faget. Kunnskapen du vert presentert i løpet av utdanninga har behov for modning og prosessering før du er i posisjon til å vurdere innhaldet.

Bachelorutdanninga i Norge held eit høgt fagleg nivå på fleire fagfelt, men eg stiller spørsmål til prioriteringa av innhaldet

No som pasientane kan oppsøke fysioterapeutar utan tilvising frå lege, må me stille spørsmål om utdanninga førebur studentane for dette. Mange opplev at hovudfokuset i utdanninga og praksisperiodane er retta mot offentleg sektor der ein i stor grad jobbar i eit større team med blant anna lege, sjukepleiar og ergoterapeut. Dagens studentar vert ekspertar på kartlegging av fallfarerisiko i den norske heim, gruppetrening og gjennomføring av «Short Physical Performance Battery» (SPPB). Dette får studentane mengdetrening i via praksisperiodane på 1. og 2. året, samt eine halvåret i turnustenesta som for dei fleste går føre seg på ein rehabiliteringsavdeling. Arbeidsoppgåvene er i stor grad dei same, men med aukande ansvar. Ikkje før 3. året, samt det andre halvåret i turnustenesta får ein sett andre delar av helsevesenet. Praksisane er med andre ord lagt opp til at ein skal jobbe på ein rehabiliteringsinstitusjon, noko mange skal, men ikkje alle.

Må ut i klinikken

Skal fysioterapistudentar bli sjølvstendige og stå støtt i rolla må dei ut i klinikken for å få relevant erfaring og eksponerast for breidda av faget. Utdanninga er klar over denne utfordringa, og forsøker å ta tak i dette. Diverre er ikkje dette oppe å går grunna finansielle spørsmål knytt til klinikkane som kan ta i mot studentane. Mange fysioterapeutar vel likevel å arbeide som sjølvstendig næringsdrivande, og dei møter jamleg kliniske utfordringar der vurderingane og tiltaka deira kan forhindre varige sekvelar. Har ein gjennom studiet fått nok kunnskap og øving i klinisk resonnering og differensialdiagnostikk til å stå i denne usikkerheita? Har me kompetansen til å fange opp at vondt i ryggen ikkje nødvendigvis er uspesifikke korsryggsmerter, men kan vere cancer?

Skal fysioterapistudentar bli sjølvstendige og stå støtt i rolla må dei ut i klinikken for å få relevant erfaring og eksponerast for breidda av faget

Min teori er at dersom ein i større grad klarer å førebu studentane til dei typiske kliniske utfordringane vil dette bidra til utvikle resiliens som vil gagne terapeut, pasient og samfunn. Variasjonsbreidda i faget vårt er for stort når det kjem til nivåskilnad mellom fysioterapeutar. Alle skal ikkje vere ekspertar på alle fagfelt, men alle skal ha eit solid fundament for å beskytta og kvalitetssikre vår tittel. Toppnivået er skyhøgt, men som i mange andre yrker er botnnivået også her, lågt. Kanskje bør vidare fokus rettast mot å heve botnnivået. Bør me stille spørsmål om ein skal stille høgare krav til innhald i utdanninga, aktiv deltaking og andre vurderingsformar for å sikre at ein ikkje sklir igjennom med minimal innsats. Bacheloren har avgrensa tal på undervisningstimar og fagseksjonsteamet har naturlegvis ei krevjande oppgåve å prioritere innhald i utdanninga. Ein integrert masterutdanning er ei løysing som har blitt drøfta tidlegare, men eksisterer per i dag ikkje. Difor må ein kontinuerleg vurdere om innhaldet i dei 3 åra + turnus sikrar adekvate kvalifikasjonar, eller om ein skal stille høgare krav for fysioterapeutar som ynskjer å jobbe i primærhelsetenesta. 

Den nye fysioterapeuten, for kravstor eller realistisk?

Fysioterapistudentane i Norge har aldri hatt betre føresetnadar enn i dag til å tileigne seg kunnskap, blant anna gjennom SoMe, podcastar og digitale tidsskrifter. Tilbakemeldingar frå førelesarar er at dei er nysgjerrige og interesserte, men også kritiske til kunnskap dei vert presentert. Dei fleste nyutdanna har kjent på usikkerheit og kunnskapshol når dei kjem ut i arbeid. For å motverke dette har interesseorganisasjonen FYSIO Norge arbeidd for å gjere om bachelorutdanninga til ein integrert master. Motsvaret til studiestadene i Tidsskiftet Fysioterapeuten var at bachelorutdanninga er ein generell utdanning og ein grunnmur for vidare utvikling, samt eventuell masterstudium. I tillegg vert det nemnt at det tar tid og tileigne seg kompetanse (Ref artikkel frå studiestadene https://www.fysioterapeuten.no/fysioterapeut-fysioterapeuten-fysioterapeuter/lett-a-forsta-at-man-som-nyutdannet-kjenner-pa-en-viss-utrygghet/137016). Med andre ord må nyutdanna fysioterapeutar "prøve og feile" for å opparbeide seg relevant erfaring. Det må undersøkast om denne utforsikringa kan skje i trygge omgivnadar på studiet eller gjennom ein studentklinikk. På denne måten vil ein bli meir trygg i pasientmøter i seinare tid.

Etisk forsvarleg?

Er dagens modell etisk forsvarleg når mange terapeutar opplever manglande tryggheit og faglege kvalifikasjonar? Det er likevel viktig å presisere at på tross av erfaring og alder, kan alle feildiagnostisere og ikkje kome mål med behandlingsintervensjon. Fysioterapifaget er dynamisk og utfordrande, og det er menneskeleg å gjere feil. Det er urealistisk å ha eit mål om å bli feilfri, men me må ta ansvar for å redusere grad av alvorlege feil. Hadde det ikkje vore smart å hatt ein arena for refleksjon og diskusjonar for å lære av kvarandre, uansett alder og erfaring? I staden for å vise profesjonell arroganse mot kvarandre, kan me saman i forum dele erfaringar og utveksle idear. Fysioterapeutar bør i større grad vere audmjuke, og tørre å vise seg frå sin sårbare side. Dette er noko eg saknar på kurs der suksesshistoriene får mest merksemd.

Er avstanden mellom kompetanse og krav til kompetanse for stort?

Er avstanden mellom kompetanse og krav til kompetanse for stort? Dersom ja, i kor stor grad er det forventa at studenten eller den nyutdanna terapeuten skal tetta kunnskapshol for å stå støtt i ein klinisk kvardag? Informasjonen er som sagt tilgjengeleg over alt, og sjølvstudium er vesentleg for å tileigne seg kunnskap. Er me vitne til ein generasjon som har vakse opp med puter under armane der alt ligg til rette, men evna til å stå i motgang og søke svar sjølv er svekka? Må studentar i større grad oppsøke klinikkar for hospitering, kurs eller deltidsjobbar for å få relevant erfaring eller vert dette dekka i praksisperiodane/turnus? Dette er viktige spørsmål som bør stå i sentrum i denne diskusjonen.

Må stille dei riktige spørsmåla

Det politiske vedtaket i 2018 har bidratt til auka spenning og detektivarbeid i den kliniske kvardag. Fysioterapeutar får meir tillit og ansvar i helsevesenet, noko som også stiller større krav til sjølvstendige kliniske vurderingar. Skal profesjonen fysioterapi behalde same status, samt utvikle seg, er det viktig at me stiller dei riktige spørsmåla. Den dagen me sluttar å vere kritisk til oss sjølve vil me stagnere. Eg håper at du som fysioterapeut har lyst til å lyfte faget vårt vidare, både på klinikken, i faglege forum, på utdanninga og på politisk nivå.

Powered by Labrador CMS