Personlig erfaring

Om bærekraft i fysioterapi

Ein fysioterapeutstudents erfaring med å leda ein «grøn» faglunsj

Personlig erfaring

Margit Nikoline Langballe, fysioterapeutstudent ved UiT – Norges arktiske universitet. mla254@post.uit.no.

Filip Maric, førsteamanuensis i fysioterapi ved UiT Norges arktiske universitet.

Personlige erfaringer vurderes redaksjonelt. Artikkelen inneholder forfatternes meninger/ erfaringer.

For mange studentar inneber dei siste dagane i praksis ei forventning om at ein skal ha eit framlegg om eit valfritt emne innanfor fysioterapien. Eg valde i mitt framlegg ved tredje semester praksis å snakke om fysioterapi og klimaendringar. I denne teksten delar eg mine tankar og erfaringar om framlegget eg hadde.

Fysioterapi og klimaendringar

Det kan for mange vera vanskeleg å velje eit tema som dei ynsker å presentera, enten fordi dei er usikre på kva som vil «falle i smak» hjå praksisplassen eller for at dei ikkje følar at dei har nok kunnskapar om eit spesifikt emne. Eg hadde tredje semester praksis i seks veker i haust og i løpet av siste veka var det min tur til å leda faglunsj. For min del fann eg raskt ut kva eg ville presentere. Eg ville snakke om fysioterapi og klimaendringar, for det er nemleg slik at klimaendringane er den største trusselen til folkehelse og global helse (1).

Eg byrja å bry meg om klimaendringane då eg gjekk på ungdomsskulen og har sida då vert engasjert og opptatt av klima og natur. Det eg opplev er at mykje av den generelle informasjonen om korleis ein kan ta betre val for kloden vår og leve meir berekraftig handlar om kva ein kan gjere som privatperson. Og at det er mindre fokus på kva store organisasjonar og ulike sektorar av samfunnet kan gjera for å redusera utsleppa sine. Dersom den globale helsesektoren hadde vore eit eige land så hadde dei faktisk vore den femte største utsleppskjelda i verda (2). Det seier kanskje litt om kor mykje av miljøgassutsleppet som kjem frå helsesektoren, noko fysioterapien er ein del av.

I 2019 vart Environemental Physiotherapy Assosiation (EPA) oppretta og har sida då jobba for at fysioterapien i større grad kan bidra positivt til global helse og velvære på ein berekraftig måte (Sjå http://environmentalphysio.com/). Det er det fyrste internasjonale samarbeidsnettverket og består av meir enn 800 fysioterapeutar, studentar, forskarar og lærarar med fokus på utforsking og fremjing av ein miljøbevisst og miljøansvarleg fysioterapi.

Om berekraft i undervisning

På andre semesteret på fysioterapiutdanninga ved Norges arktiske universitet (UiT) så hadde me ein modul som heiter «Samfunn og folkehelse». Den handla mykje om sosiale skilnadar, klimaendringar og berekraft. Samtidig var det fokus på at fysioterapi er eit yrke i konstant utvikling. Det har endra seg mykje frå tida på 1800-talet då faget vart kalla «sjukgymnastik», og det vil mest truleg endre seg mykje dei neste 200 åra også. Me var det andre kullet som hadde denne modulen, så det er eit relativt nytt tilskot for fysioterapiutdanninga. Dersom me ser til andre studieretningar som til dømes ingeniørstudiet så har dei ein kultur for å jobba med å finne langsiktige løysingar som er berekraftige og skånar naturen. Det går dessutan an å spesialisere seg innanfor til dømes energi og miljø, fornybar energi eller klima og klimateknologi (3). Dersom me ser til barnehagelærarar-utdanninga så skal dei læra om klimaendringar og berekraft fordi det er noko dei skal læra vidare til barn i barnehagar (4).

Eitt av dei mest effektive tiltaka ein kan gjera for å innføra meir berekraftige tiltak i fysioterapiyrket er å integrera tema i undervisinga (5). Som tidlegare nemnd så har ein integrert natur, miljø og teknologi som eit tema i barnehagen. Dette er fordi ein ser at tidlege opplevingar og erfaringar i naturen kan bidra til barns forståing for naturens verdi og deiras vilje til å verna om naturressursar, bevara biologisk mangfald og bidra til berekraftig utvikling (6). Det same ser ein når ein legg til tema i undervisinga på høgare utdanning. Sjølv om det er oss studentar som er framtida so er det jo framleis mange fysioterapeutar som ikkje har lært om fysioterapi og klimaendringar i utdanningsløpet sitt som kjem til å ha eit yrkesaktivt liv i mange år framover. Eg meiner at det også er viktig å informere dei om korleis fysioterapien kan bidra i klimakrisa.

Fleire må få informasjon

Noko av baktanken med å snakke om fysioterapi og klimaendringar var at eg ynskjer at fleire skal få informasjon om situasjonen og moglegheitene som finst. Eg brukte hovudsakleg nettstaden til EPA i framlegget som inneheld ulike ressursar, til dømes nokre informasjonsplakatar. I tillegg har nettstaden ei side som inneheld blogginnlegg som eg synest både er informative, oppdaterande og inspirerande. Ut i frå dette hadde me ein fagleg diskusjon om tema og kva tankar fysioterapeutane på praksisplassen satt igjen med. Dei fortalde at dei ikkje hadde vorten introdusert for dette tema før, og at dei for det meste hadde kunnskapar om kva miljøtiltak ein som privatperson kan gjera. Eg opplevde at dei var interessert i tema og dei gav uttrykk for at dei ynskte å både læra meir og ta i bruk enkle tiltak på klinikken.

Alle bør vera interessert

I ettertid av faglunsjen har eg kome tilbake til UiT og eg håpar at fysioterapeutane eg møtte i praksis vart inspirert til å tenka meir berekraftig, hovudsakleg på klinikken, men også som privatpersonar. Eg tenkjer jo at alle som jobbar innanfor helse enten det er snakk om fysioterapeutar, sjukepleiarar eller legar bør vera interessert i å jobba mot ein meir miljøvenleg og miljøansvarleg arbeidsplass. For det er eit faktum at klimaendringane er den største trusselen mot global helse og då hjelp det dessverre ikkje å sjå den andre vegen.

Kjeldeliste

1) Romanello M, Di Napoli C, Drummond P, Green C, Kennard H, Lampard P. The 2022 report of the Lancet Countdown on health and climate change: health at the mercy of fossil fuels. The Lancet 2022; 400: 1619–1654.

2) Lenzen M, Malik A, Li M, Fry J, Weisz H, Pichler P-P. The environmental footprint of health care: a global assessment. The Lancet Planetary Health 2020; 4: e271–e279.

3) Rådgivende Ingenørers Forening. Yrkesbeskrivelse: Sivilingeniør [Internet] Utdanning.no [sitert 2022 Des 08]. Tilgjengelig fra: https://utdanning.no/yrker/beskrivelse/sivilingenior

4) Kunnskapsdepartementet. Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver [Internet]. Utdanningsdirektoratet [sitert 2022 Des 08]. Tilgjengelig fra: https://www.udir.no/globalassets/filer/barnehage/rammeplan/rammeplan-for-barnehagen-bokmal2017.pdf

5) Maric F, Chance-Larsen K, Chevan J, Jameson S, Nicholls D, Opsommer E. A progress report on planetary health, environmental and sustainability education in physiotherapy – Editorial. European Journal of Physiotherapy 2021; 23: 201–202.

6) Otto S, Pensini P. Nature-based environmental education of children: Environmental knowledge and connectedness to nature, together, are related to ecological behaviour. Global Environmental Change 2017; 47: 88–94.

Powered by Labrador CMS