Personlig erfaring
Rumpemusklane, kvila og kunsten å vera menneske på Jæren
Personlig erfaring
Mariann Halvorsen, psykomotorisk fysioterapeut med mastergrad i psykisk helsearbeid. Avtalefysioterapeut i Hå kommune, skal snart starte med driftsavtale i Sandnes kommune.
Halvorsen har forsket på de emosjonelle sidene ved arbeidet som psykomotorisk fysioterapeut.
"I møte med mennesker er jeg opptatt av samspillet mellom kropp, følelser og livserfaringer – og av alt det vi bærer med oss, enten vi er klar over det eller ikke".
Personlige erfaringer vurderes av redaksjonen.
Det er ikkje alltid like lett å vera byas på Jæren. Særleg ikkje når ein arbeider som psykomotorisk fysioterapeut og prøver å halda fast på dette med profesjonell distanse.
For det første møter ein menneske som snakkar rett frå levra. Dei kallar ein spade for ein spade, og dei har lite til overs for fiksfakseri, jåleri og unødvendig fine ord. Ein må liksom ikkje pakka ting meir inn enn nødvendig.
Frå setemuskel til rumpemuskel
Det fekk eg erfara under ein gruppetime. Midt i ei øving var det plutseleg ei som lurte på kvifor eg på død og liv skulle bruka ordet setemusklane. Kvifor kunne eg ikkje berre seia rumpemusklane?
Det var vel det eg meinte?
Og jo. Det var jo nettopp det eg meinte.
Der stod eg, med anatomien i den eine handa og det profesjonelle språket i den andre, og innsåg at eg kanskje hadde meir å læra av jærbuen enn jærbuen hadde å læra av meg.
Men frå spøk til alvor.
For bak dei direkte kommentarane og den lune humoren møter eg eit folk som kan kunsten å arbeida. Eit folk som brettar opp ermane, står i det og får ting gjort. Som bit tennene saman når det trengst, og som helst ser resultat av innsatsen. Det er mykje vilje her ute. Mykje vigør. Og ei sterk tru på at det meste kan ordnast dersom ein berre tek i eit tak.
Kanskje er det ikkje så rart.
"Vondt skal vondt fordrivas"
Her ute kjem vinden rett frå havet. Han tek tak i hustak, legg seg over jordene og minner folk på at vêret ikkje nødvendigvis bryr seg om planar eller arbeidstider. Avlingane skal i hus, dyra skal stellast, og det som må gjerast, må gjerast. Ein kan ikkje alltid setja seg ned fordi kroppen meiner det er nok.
«Kvila kan eg gjørr i gråvå.»
Og dersom noko gjer vondt, får ein vel prøva å driva det vonde ut med endå litt meir innsats.
«Vondt skal vondt fordrivas.»
Det er ikkje sikkert desse orda står skrivne over inngangsdøra til kvar einaste jærbu, men eg har fått inntrykk av at dei lever godt i veggane likevel.
Å stå på har vore nødvendig. Gjennom generasjonar har arbeid vore livsgrunnlag, ansvar og identitet. Det har vore ein måte å ta vare på familien, garden og fellesskapet på. Å vera arbeidsam har ikkje berre vore noko ein gjer. Det har vore noko ein er.
Kan du kvila litt?
Og så kjem eg då. Ein byas med psykomotorisk fysioterapi i bagasjen, og med eit noko anna bodskap:
Kan du prøva å kvila litt?
Kjenna etter?
Sleppa pusten til?
Ikkje gjera noko som helst akkurat no?
Ein skulle nesten tru eg hadde bede folk om å leggja ned heile verksemda.
For kva skjer når ein kropp som har lært seg å vera i beredskap, endeleg får beskjed om å slappa av?
Kva skjer når hovudet seier at det er på tide å kvila, medan kroppen framleis står klar til å ta neste tak?
Det kan bli uro av slikt. Ein rastlaus kropp, spente kjevar, skuldrer som har flytta permanent opp mot øyrene, og ein pust som ser ut til å ha gløymt at det finst noko som heiter utpust.
Og kanskje ei kjensle av utilstrekkelegheit. For dersom eg ikkje gjer noko nyttig, kva er eg då?
Kven er eg når eg ikkje produserer, ordnar, fiksar eller hjelper nokon andre?
Er eg framleis verd noko når eg berre er?
Det er store spørsmål å ta med seg inn i eit behandlingsrom. Særleg når pasienten helst vil vita kva øvingar som skal til for å få kroppen på plass att. Og eg prøver å forklara at det kanskje ikkje alltid handlar om å gjera meir, men om å oppdaga kva som skjer når ein gjer litt mindre.
Det er ikkje sikkert det er eit bodskap som går rett heim ved første forsøk.
Men kanskje har me gløymt noko på vegen inn i det moderne samfunnet?
Nokre minutt på tunet
Kanskje fanst det før små lommer av kvile som me ikkje eingong tenkte på som kvile. Nokre minutt på tunet, der ein vart ståande og kosa seg med utsikta utan å kalla det mindfulness. Ein tur inn i fjøset der ein klappa ei ku og vart sitjande litt lenger enn nødvendig. Måltida rundt bordet, der folk møttest fordi det var slik dagen var organisert.
Kanskje var det ikkje så mykje romantikk over det. Det var nok av slit, og det var sikkert ikkje alle som kjende seg avslappa medan dei skufla møkk. Men dagen hadde likevel ein rytme. Arbeid, pausar, måltid og fellesskap. Ei veksling mellom å gjera og å vera saman.
I dag har me effektivisert oss bort frå mykje av dette. Pausane skal helst ha eit formål. Går me ein tur, skal me gjerne telja skritt. Kviler me, kan me lytta til ein podkast om korleis me kan bli betre til å kvila. Og dersom me verkeleg har god tid, kan me jo bruka henne på å planleggja morgondagen.
Me er blitt så flinke til å få noko ut av tida at me nesten har gløymt korleis det kjennest å berre vera i henne.
Og her står eg, på Jæren, og prøver å læra folk å pusta.
Heldigvis har eg lært noko sjølv undervegs.
For det er umogleg å vera byas her ute utan å bli litt jærbu. I alle fall om ein blir verande lenge nok.
Inn i interessa for kvarandre
Ein kan prøva å halda på den profesjonelle distansen, men det er ikkje alltid så lett når folk spør korleis det går med deg, kva du skal i helga, og om du ikkje snart må komma innom igjen. Dei kjem med heimebakst, sjølvstrikka sokker og rykande ferske egg frå bonden.
Dei er personlege, desse menneska. Anten terapeuten har planlagt det eller ikkje.
Og gradvis blir ein trekt inn. I omsorga, i varmen, i interessa for kvarandre. I ein kultur der det å stilla opp ikkje nødvendigvis krev store ord, men gjerne kjem til uttrykk gjennom handling. Der ein spør, bryr seg og vil vita. Der ein kan vera direkte utan å vera kald, og varm utan å gjera så mykje vesen av det.
Det er noko fint i dette. Noko eg har kome til å setja stor pris på.
For sjølv om eg er oppteken av profesjonelle grenser, har eg òg blitt minna om at ein relasjon ikkje berre består av ei fagleg rolle på den eine sida og ein pasient på den andre. Me er menneske som møtest. Og i dette møtet finst det ei hårfin balansegang mellom å vera profesjonell og å vera medmenneske.
Kanskje handlar det ikkje om å halda avstand for kvar einaste pris, men om å vera nær utan å mista seg sjølv. Om å vera fagperson og menneske på same tid.
Det er ikkje sikkert det er så dumt å ta med seg ut i verda.
Kva om me alle…
For kva om me alle kunne vore litt flinkare til å vera saman? Litt mindre opptekne av å prestera, litt meir opptekne av å lytta. Litt mindre fiksfakseri, litt meir «sei det rett ud så me forstår det».
Kanskje kunne me lært noko av det opne landskapet her ute òg. Dei vide jordene, den låge horisonten, vinden som kjem rett frå havet, og lyset som stadig skiftar. Jærlyset gjer ikkje så mykje ut av seg. Det berre er der. Og likevel kan det få ein heil himmel til å forandra seg.
Det får meg til å tenkja på Helge Torvund og diktinga hans, på korleis naturen kan minna oss om både det vesle og det store. Om å høyra til, men òg om å få vera liten i noko som er større enn oss sjølve.
Og på Arne Garborg, som skildra eit samfunn der arbeid, plikt og forventningar kunne vera både ei kraft og ei lenkje. Der fellesskapet bar menneska, men der det òg kunne vera krevjande å gå sin eigen veg.
Jærbu og menneske
For kanskje er det nettopp dette som ligg i spennet mellom dei opne jordene og dei sterke tradisjonane: Lengten etter fridom, og behovet for å høyra til. Viljen til å stå på, og motet til å stoppa. Å ta ansvar for andre, utan å gløyma seg sjølv.
Eg veit ikkje om eg har lært jærbuen å kvila. Det ville vore å ta litt hardt i. Men eg har i alle fall fått vera med på nokre små stunder der pusten fekk sleppa til, kjeven fekk mjukna, skuldrane fekk senka seg, og kroppen fekk erfara at han ikkje trong å prestera akkurat då.
Og kanskje er det nok. Ikkje å læra nokon å kvila for alltid, men å opna ei dør på gløtt. La dei få kjenna at det finst eit alternativ. At ein kan vera både arbeidsam og kvilande. Både sterk og sårbar.
Både jærbu og menneske.
No vender eg snuten tilbake til byen for vidare virke. Eg tek med meg meir enn fagleg erfaring. Eg tek med meg møta med menneske som har lært meg noko om vilje, smerte, uro, fortviling og ei nesten grenselaus omsorg for kvarandre.
Litt meir til stades
Eg tek med meg rumpemusklane òg, sjølvsagt. Ein må jo læra seg å snakka eit språk folk forstår.
Takk for meg, Jæren. Det har vore ei fornøying og ei beriking.
Og dersom det er éin ting eg håpar både jærbuar og byasar kan ta med seg vidare, så er det dette:
Me treng ikkje alltid gjera meir. Av og til treng me berre å vera litt meir til stades. Med oss sjølve og med kvarandre.
Som Helge Torvund skriv, med ord eg synest rommar noko langt større enn Jæren:
«Lyset du treng finst.»