Rikke Gjerde Reistad, fysioterapeut, MSc., Samnanger kommune. rikke.gjerde.reistad@samnanger.kommune.no.
Anne Marie Sandvoll, professor, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Høgskulen på Vestlandet.
Denne vitenskapelige artikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 12.januar 2026. Studien manus er basert på er godkjent av Sikt, med referansenummer 950845. Ingen interessekonflikter oppgitt.
Samandrag
Hensikt: Føremålet med studien var å
få meir kunnskap om korleis kommunalt tilsette fysioterapeutar erfarer
samhandlinga med andre helsetenester rundt skrøpelege eldre, og å identifisera
faktorar som fremma god samhandling.
Design, metode og materiale: Datamaterialet
er innhenta gjennom individuelle intervju med sju fysioterapeutar frå ulike
kommunar innafor same helseføretak. Analysen blei gjennomført i tråd med
Interpretive Description, ein induktiv, kvalitativ metode.
Funn: Følgande tre tema kom fram
gjennom analysen: 1) Skrøpelegheit - lett å sjå for seg, men omgrepet er
vanskeleg å bruke. 2) Heilskapleg behov - kjem ikkje i mål aleine. 3) Møtepunkt
og kommunikasjon - suksessfaktorar til betre samhandling. Funna viser
ambivalensen fysioterapeutane erfarer med bruk av omgrepet skrøpelegheit.
Vidare viser funna at god kommunikasjon og relasjonar prega av
ansikt-til-ansikt-kontakt har innverknad på opplevinga av god samhandling og
samanheng i tenestene. Dette vert utdjupa i diskusjonen med referanse til
Erlend Vik sin typologi over samhandling i helsetenestene.
Konklusjon: Kommunalt tilsette
fysioterapeutar vektlegg relasjonelt samarbeid som ein føresetnad for god
samhandling i tenestene rundt skrøpelege eldre. Gode
samarbeidsrelasjonar var knytt til faste møtepunkt og relasjonell kontinuitet,
medan mangel på struktur og eigna samhandlingsverktøy bidrog til avstand mellom
tenestene.
Nøkkelord: Skrøpelig, eldre,
samhandling, fysioterapi.
Abstract
"Cannot Achieve the Goal
Alone": An Interview Study on Interprofessional Collaboration in the Care
of Frail Older Adults
Purpose: The aim of the study was to
gain deeper insight into how municipal physiotherapists experience
collaboration with other healthcare services around frail older adults, and to
identify factors that promote effective collaboration.
Design, material, and method: The data
was collected through individual interviews with seven physiotherapists from
different municipalities within the same health trust. The analysis was
conducted using Interpretive Description, an inductive, qualitative
methodology
Findings: The analysis identified three
main themes: (1) Frailty – easy to recognize, but the term is difficult to use,
(2) Comprehensive needs – cannot be met alone, and (3) Meeting points and
communication – key factors for improved collaboration. The findings highlight
the ambivalence physiotherapists experience when using the term
"frailty." Furthermore, the findings indicate that good communication
and relationships characterized by face-to-face contact significantly influence
the perception of effective collaboration and continuity of care. These aspects
are further elaborated in the discussion, with reference to Erlend Vik’s
typology of collaboration in healthcare services.
Conclusion: Municipal physiotherapists
emphasize relational cooperation as a prerequisite for effective collaboration
in services for frail older adults. Strong collaborative relationships were
associated with regular meeting points and relational continuity, while a lack
of structure and appropriate collaboration tools contributed to fragmentation
and distance between services.
Keywords: Frail, elderly, primary
health care, collaboration, physiotherapy.
Kort sagt
Denne studien gir innsikt i kva som skal til for å få betre samhandlinga rundt skrøpelege eldre i primærhelsetenesta.
Å legge vekt på relasjonell samhandling gjennom faste møteplassar og gode samhandlingsverktøy kan styrkje felles forståing og skape eit betre grunnlag for samhandling. Auka samhandling i primærhelsetenestene er avgjerande for å møte skrøpelege eldre med den heilskaplege og tverrfaglege tilnærminga dei har behov for.
Bakgrunn
Det vert stadig fleire eldre, og prognosar tyder på at antal
nordmenn med skrøpelegheit vil dobla seg innan 2040 (1). Skrøpelegheit
(frailty) er ei aukande global helseutfordring med store implikasjonar
for klinisk praksis og folkehelse (2).
Tilstanden er kjenneteikna av redusert funksjon i fleire fysiologiske system og
svekka motstandskraft mot stress, noko som gjer individa meir utsett for
negative helseutfall som fall, sjukehusinnleggingar og død (3).
Trass omfattande forsking er det ikkje internasjonal konsensus om fenomenet.
Skrøpelegheit vert primært forstått gjennom to modellar: skrøpelegheit som
syndrom, som skildrar skrøpelegheit gjennom indikatorane ufrivillig vekttap,
utmatting, svak handstyrke, inaktivitet og langsam gange, og skrøpelegheit som
sum av samansette helseunderskot (4). I
2021 var 31% av alle over 75 år i Noreg klassifisert som skrøpelege (5), og
blant dei som søkte heimetenester for første gong var talet heile 62% (6). Nasjonal
helse- og samhandlingsplan (5) peikar på at helse- og omsorgstenestene til
denne gruppa er fragmentert og har for dårleg samanheng. Skrøpelege eldre er særleg
sårbare for svikt i pasientforløpa, og mangelfull samhandling skaper risiko for
pasientskader og feil ressursbruk. Skrøpelege eldre treng ei heilskapleg og
tverrfagleg tilnærming for best mogleg helseutfall (7–9).
Samhandling er ein sentral strategi for å skape heilskaplege og
samanhengande tenester (5), og
handlar om korleis fagprofesjonar fordeler oppgåvene mellom seg og handlar
saman for å nå felles mål (10,11). I
Noreg har Vik (12)
utvikla ein samhandlingstypologi med fire idealformer som kjenneteiknar
samhandling mellom helseprofesjonar. Desse vert omtala som relasjonelt
samarbeid, operasjonelt lukka samarbeid, koordinert oppgåvefordeling og fragmentert
oppgåvefordeling. Typologien har to dimensjonar; avstand-nærleik, som viser
om det er fysisk kontakt mellom profesjonane, og samankopling-differensiering,
som viser om samhandlinga medfører integrasjon på tvers av aktørane sine
forståingsrammer (12).
God samhandling er ein nøkkelfaktor for å lukkast med oppfølginga
av skrøpelege eldre (2,7,13).
Likevel viser forsking at samhandlinga er avgrensa (14), og
det er behov for betre strukturar for tverrfagleg dialog (15). Tidlegare
studiar understrekar at synspunkta til alle involverte faggrupper bør inngå i
forsking på samhandling rundt denne pasientgruppa (16). Fysioterapeutar
har ei sentral rolle i oppfølginga av skrøpelege eldre (15,17), men
så langt vi kjenner til, er det ikkje publisert studiar som undersøker korleis
norske fysioterapeutar erfarer denne samhandlinga. Hensikta med denne studien
var difor å utforske og beskrive korleis kommunalt tilsette fysioterapeutar
erfarer samhandling rundt skrøpelege eldre i primærhelsetenesta.
Metode
Det vart
nytta ei kvalitativ tilnærming med intervju, med inspirasjon frå Interpretive Description
(ID) (18). Deltakarane blei strategisk
utvalt (19) ved å rekruttere fysioterapeutar
frå ulike kommunar innan same helseføretak. Invitasjon med informasjonsskriv og
informert samtykke blei sendt til leiande fysioterapeut i 11 kommunar, og seks
kvinner og ein mann takka ja til å delta. Informantane var i alderen 33-61 år og
alle hadde meir enn 8 års arbeidserfaring.
Intervjua
blei gjennomført våren 2024, varte i 40-70 minutt og vart teke opp digitalt. Intervjuguiden
omfatta fire overordna tema: generelt om skrøpelegheit, samhandling,
samhandlingsverktøy og samanheng i tenestene. Avslutningsvis blei informantane
oppmuntra til å dele andre relevante erfaringar eller innspel.
Datamaterialet
blei analysert i tråd med ID, ei induktiv tilnærming der data vert analysert
nedanfrå og opp (20). På første steg blei vesentlege
moment notert etter kvart intervju, og intervjua blei transkribert av
forfattaren. Deretter blei dei lese gjennom fleire gonger og viktige moment
merka. På steg to blei kvart intervju koda med breie koder, før kodane blei
kategorisert i mønster. Fem mønster blei danna i dei to første intervjua, og to
nye i det tredje. Alle sju mønster med tilhøyrande kodar blei deretter gått gjennom,
til seks endelege mønster stod att: Konseptet skrøpelegheit, rolle, heilskapleg
tankegang, samhandling med andre helsetenester, faktorar som påverkar
samhandlinga og samhandlingsverktøy. I tredje steg blei mønstra satt samen til relasjonar,
og datasettet vurdert frå ulike perspektiv. Avslutningsvis vart det skrive ei
oppsummering av dei mest sentrale funna.
Studien
var godkjent av Sikt (ref.nr.: 950845). Deltakarane samtykka via informert
samtykke og blei informert om at dei kunne trekke seg når som helst utan
konsekvensar. Intervjua blei anonymisert under transkripsjonen og lydopptaka lagra
på sikkert område.
Funn
Tre tema
vart utvikla gjennom analysen: (1) Skrøpelegheit – lett å sjå for seg, men omgrepet
er vanskeleg å bruke (2) Heilskapleg behov – kjem ikkje i mål aleine, og (3)
Møtepunkt og kommunikasjon - suksessfaktorar til betre samhandling
Skrøpelegheit – lett å sjå for seg, men omgrepet er vanskeleg
å bruke
Informantane
møtte mange pasientar med skrøpelegheit i sitt arbeid, og det var lett for dei
å skildre korleis ein slik person kan framstå. Kjennskapen til sjølve omgrepet
var derimot varierande: Nokre hadde god kjennskap, medan definisjonen var uklar
for fleire. Éin informant hadde ikkje høyrt om omgrepet i denne samanhengen før.
Då vil eg beskriva ein typisk
person som er eldre, underernært, mange diagnosar, svak, bruker
ganghjelpemiddel eller sitt i ein rullestol, har gjerne mange tenester frå
pleie og omsorg (informant 2).
Informantane
oppfatta skrøpelegheit som eit negativt lada ord og brukte det ikkje i samtale
med pasientar. Begrepet blei av enkelte erstatta med uttrykk som
funksjonssvikt, nedsett funksjon, redusert potensiale eller utfordringar med
daglege funksjonar. Éin informant fortalde at dei blei bedt om å endre tittelen
frå ‘skrøpelege eldre’ til ‘sårbare eldre’ i samband med ein felles fagdag dei
skulle arrangere.
Me brukar det altså innad på
kontoret når me beskriv pasientar, og så blir eg alltid litt usikker på om det
er eit greitt omgrep, men for oss er det veldig beskrivande å sei det. Men du
ser det jo ikkje så mykje i offentlegheita, for ein lurer på er det ein stygg
ting å sei, men sånn fagleg sett så er jo det eit uttrykk som er veldig beskrivande
og hjelpsamt når me skal snakke om pasientar, eigentleg (informant 4).
Nokre
brukte omgrepet i dialog med anna helsepersonell, men i skriftleg
dokumentasjon, som pasientjournalar, var bruken avgrensa, sjølv om dei oppfatta
omgrepet som nyttig. Enkelte erfarte at omgrepet vart nytta i aukande grad,
medan dei fleste opplevde liten eller ingen endring i bruk.
Heilskapleg behov - kjem ikkje
i mål aleine
Informantane
erfarte at arbeidet med personar med skrøpelegheit stiller større krav til
samhandling, og understreka at utfordringane ikkje kan løysast av ei enkelt
yrkesgruppe aleine. Dei påpeika at helsetenestene må jobbe mot same mål og
trekke i same retning for å sikre best mogeleg utfall for pasientane, og at
tenestene har rom for forbetring her.
Fysioterapeuten har ein viktig
rolle der til at ein på ein måte er flinke til å tenke likt rundt dei. At me
har same forståelse over korleis me skal møte dei. Det trur eg fysioterapeuten
har ein viktig bit i. (informant 1)
Informantane
vektla at ei heilskapleg tilnærming i møte med skrøpelege eldre gir større
effekt og nytte for pasienten. Dette omfattar blant anna ernæring,
medisinering, kvardagsaktivitet, bustadsituasjon og sosiale behov. Samstundes
uttrykte enkelte at dei er usikre på om tenestene har tilstrekkeleg kompetanse
til å vurdere pasientane i eit breitt nok perspektiv.
Kanskje ikkje me er flink nok
til å sjå alt i det store bildet, at me ser den enkelte problemstillinga, og
det kjenner eg jo meg sjølv òg – viss eg får tilvist ein pasient med nedsett
balanse – er eg flink nok til å fanga opp dette med ernæring, kva medisinar dei
går på… me ser veldig på det me skal jobba med og me gjerne ikkje ser den store
samanhengen i desse utfordrande sakene (informant 2).
Fleirtalet
skildra samhandlinga mellom helsetenestene som kontekst- og personavhengig. På
korttidsavdelingar vart samhandlinga skildra som godt fungerande, der få
personar, fysisk nærleik og faste samarbeidsrutinar bidrog til eit godt
samhandlingsklima. Samhandlinga rundt heimebuande eldre vart derimot oppfatta
meir ulikt, og blei generelt vurdert som meir utfordrande. Mange tilsette og
høgt arbeidspress i heimetenestene blei trekt fram som faktorar som påverka
samhandlinga. Heimetenestene blei rekna som ein viktig samhandlingspart, og var
ofte dei som identifiserer pasientbehova og formidla desse vidare til
fysioterapitenesta.
Eg føler det er meir
utfordrande i heimetenestene, der er dei veldig mange som jobbar, det er
vanskeleg gjerne å få dei til å prioritera tinga som me syns er viktig, dei har
gjerne andre ting som dei lyt prioritera. (…) Så det er jo mykje lettare inne
på ei avdeling enn det er liksom ute i den verkelege verda då viss me kan kalla
det det (informant 2).
Informantane
sine erfaringar med samhandling med fastlegar varierte, men omfanget av
samhandlinga var gjennomgåande avgrensa. Fleire fortalde at det sjeldan kom tilvisingar
frå fastlegane på skrøpelege eldre.
Kunne godt tenke meg at
fastlegesamhandlinga skulle vore betre. Det kunne nok vore nyttig. Å fått litt
meir informasjon frå dei, og sikkert dei frå oss òg (informant 4).
Informantane
opplevde å vere i god posisjon til å avdekke pasientane sine behov, sidan dei hadde
betre tid saman med pasienten enn andre yrkesgrupper. Samstundes påpeika enkelte
at involveringa ofte vart avgrensa av ein kort oppfølgingsperiode.
Så er det gjerne litt lettare
når dei har så god tid å komma med desse små tinga som dei gjerne lurer på
eller spør om til oss, og då må me jo ta på oss den koordinatorrolla og bringa
det vidare til dei andre tenestene. Sjølv om det er ei uformell rolle så føler
eg at den er veldig reell for oss som fysioterapeutar (informant 2).
Informantane
opplevde å ha ei viktig rolle i samhandlinga. Fleire framheva at dei arbeider
med heile mennesket og situasjonen rundt pasienten, og at rolla omfattar meir
enn berre trening og tilrettelegging. Samstundes påpeika dei at fysioterapeuten
si rolle er både person- og ressursavhengig.
Møtepunkt og kommunikasjon - suksessfaktorar til
betre samhandling
Informantane
skildra fleire faktorar som fremma samhandling, der møtepunkt og god
kommunikasjon blei peikt ut som dei viktigaste. Dei understreka at gode
kommunikasjonsliner var avgjerande, til dømes gjennom korte fysiske avstandar,
kjennskap til samarbeidspartnarar, tilgang til fast kontaktperson og ein raus
og open kommunikasjonsmåte. Vidare framheva dei tverrfagleg samarbeid, felles
forståing og kompetanse som viktige faktorar for å styrke samhandlinga.
Det som fremmer det mest er
akkurat desse møtepunkta me har vil eg sei. Dei faste møtepunkta me har der me snakkar
om brukarane tverrfagleg. Dei er kjempeviktige (informant 1).
Manglande
kommunikasjon blei trekt fram som den mest hemmande faktoren for god
samhandling. Dette omfatta både skriftleg og munnleg kommunikasjon, uklar
ansvarsfordeling og utfordringar med å få beskjeder fram til riktig person.
Informantane erfarte også at ulike perspektiv, mangel på møteplassar, mange
personar å forhalde seg til og avgrensa tid hos samarbeidspartnarar gjorde
samhandlinga vanskelegare.
Det at me gjerne ikkje samlast
og snakkast direkte om den pasienten, at me har for lite tverrfaglege møte, då
sitt me liksom på kvar si tue og jobbar med vårt då, at me ikkje klarer å samla
desse trådane. Det er rett og slett når avstandane blir for store og det blir
for mykje folk. Det føler eg er ei utfordring (informant 2).
Felles
elektronisk journalsystem blei vurdert som eit nyttig samhandlingsverktøy
dersom notata var relevante, godt
formulerte og det var tid til å lesa dei. Nokre informantar fann det
utfordrande å finne relevant informasjon og opplevde journalføringa frå
samarbeidspartnarar som mangelfull. For kommunikasjon med fastlegane vart elektroniske
meldingar mykje nytta; det fungerte godt for rapportering, men blei opplevd som
einvegsretta og lite eigna for dialog og samhandling.
Det føles litt sånn lukka, det
er ikkje ein dialog, du må sende ei melding og så er det borte, kanskje får du
noko tilbake – du veit ikkje…. (informant 4).
Ingen
av informantane hadde erfaring med bruk av individuell plan for denne
pasientgruppa. Dei fleste meinte det kunne vore nyttig, men peika på
utfordringar med å finne koordinatorar, ressurskrevjande prosessar og at eksisterande samhandlingsplattformar
ikkje er tilpassa denne brukargruppa. Fleire foreslo enklare løysingar, som samarbeidsmøte
eller faste team, som meir eigna verkemiddel.
Det einaste er at eg veit jo
at folk gruer seg veldig for å påta seg å vera sånn koordinator, for det er jo
mykje arbeid, og man har det travelt, og…ja. Det er krevjande. Det blir litt
for komplisert i ein hektisk kvardag, føler eg. Ein skulle hatt eit litt
enklare system (informant 5).
Informantane
peika på at tverrfaglege møter fungerte best når dei var prega av tydelege avklaringar
av ansvar og reell påverknad. Dei som hadde faste møter med heimetenesta, var
generelt meir nøgde med samhandlinga i helsetenestene enn dei som mangla slike
møtepunkt. Dei erfarte òg betre samanheng i tenestene.
Diskusjon
Føremålet
med studien var å utforske fysioterapeutar si erfaring med samhandling rundt
skrøpelege eldre i primærhelsetenesta. Funna viser at informantane var
ambivalente til bruk av skrøpelegheit som omgrep. Erfaringane med samhandling
varierte med konteksten, men faste møter og god kommunikasjon blei framheva som
dei viktigaste faktorane for å fremme god samhandling.
Informantane
opplevde ordet skrøpeleg som negativt og stigmatiserande, og
nokre brukte difor andre omgrep i staden. Tilsvarande funn er rapportert hos
anna helsepersonell (13,21). Å bli kalla skrøpeleg kan føre til negative
konsekvensar som redusert sjølvbilde, redusert aktivitet og auka stigma (9).
Det kan samtidig forsterke alderistiske haldningar (13) – til dømes ved å
forsterke stereotype førestillingar om eldre, noko som aukar risikoen for
ubevisst diskriminering og marginalisering av den eldre (22). Det er òg peikt
på at skrøpelegheit kan bli brukt som grunngjeving for å ikkje gi behandling
som elles kunne vore nyttig (4,9), noko som kan spegle aldersdiskriminerande
praksis. Samstundes vert det hevda at det å ikkje identifisere
og gje skrøpelege eldre den best kjente oppfølginga òg kan vera
aldersdiskriminerande (23). Å identifisera skrøpelegheit kan dermed vera ein
mogelegheit for å sikre personsentrert omsorg og hindre feil- eller
overbehandling (4). Samstundes framheva informantane at skrøpelegheit, brukt på
rett måte, kan vera eit nyttig konsept (24). Likevel kan ulik forståing av
omgrepet skape utfordringar for samarbeid og kommunikasjon i helsetenesta (13),
og i tråd med eksisterande studiar ønska informantane meir opplæring i skrøpelegheit
hos eldre (9,15,25).
Informantane
peikte på god kommunikasjon og etablerte møtepunkt som dei viktigaste faktorane
for å fremme samhandling mellom tenestene, noko som òg er vist i tidlegare
studiar (13,14,16,26,27). Tverrfaglege møte gir rom for å diskutere
pasientbehov (13) og utvikle felles forståing (27), og i tråd med tidlegare
funn (14) vurderte informantane også uformelle møte som viktige. Dei framheva
at det å kjenne samhandlingspartnarane fremma samhandling, noko som er ein
kjent nøkkelfaktor for å bygge tillit og styrke samarbeid (14,27). Informantane
beskreiv slike samhandlingserfaringar frå korttidsavdelingar, med
ergoterapeutar og frå faste møter med heimesjukepleien. Denne typen samhandling
liknar det Vik (12) omtalar som eit relasjonelt samarbeid, der
felles møtepunkt, forhandling og dialog gir gjensidig anerkjenning og kunnskap
om kvarandre sine bidrag for å løyse felles oppgåver. Ein slik gjensidig
systemkunnskap er ein føresetnad for integrasjon mellom tenestene (28) og må
ligge til grunn for å oppnå dei faglege og politiske måla om heilskaplege og
samanhengande helsetenester (5).
Informantane
erfarte at samhandling med heimetenestene var krevjande, spesielt der det
mangla faste møtepunkt. Samhandlinga blei utfordra av mange tilsette, lite tid
og ulike perspektiv hjå tenesteytarane - forhold som samsvarar med kjende
kommunikasjonsbarrierar for samhandling (8,16,17,26). I slike situasjonar er
det behov for verktøy som kan integrere dei ulike forståingsrammene (12), og
for nokre informantar fylte den elektroniske pasientjournalen denne funksjonen.
Andre studiar har òg vist at pasientjournalen er avgjerande for koordinering
rundt skrøpelege (25,27). Éin informant mangla fungerande samhandlingsverktøy
grunna mangelfulle journalnotat, og erfarte samstundes at pasientar som blei
skrivne ut frå sjukehus direkte til heimen, var vanskelege å følge opp og
oftare reinnlagde. Dette tilfellet kan relaterast til det Vik (12) kallar fragmentert
oppgåvefordeling, der profesjonane ikkje oppnår konsensus og handlar ut frå
sine eigne forståingsrammer. Det same mønsteret var synleg i samhandlinga med fastlegane.
Også her var samhandlinga prega avstand og differensiering (12), men
informantane viste forståing for legane sine avgrensa tidsrammer. Samstundes
syner funnet at betre strukturar for samhandling bør på plass dersom fastlegane
skal koordinera screening av skrøpelegheit (15).
Trass i
at individuelle omsorgsplanar er anbefalt for skrøpelege eldre (8,13) og mange
har rett på dette gjennom individuell plan (IP) (29), hadde ingen av
informantane kjennskap til bruk av IP for denne pasientgruppa. Informantane
beskreiv at barrierane var for store til at IP vart rekna som eit eigna
samhandlingsverktøy, noko også andre rapporterer (30). Samstundes uttrykte dei
eit behov for heilskapleg oppfølging og ein strukturert arena for tverrfaglege
møter, felles mål og samla informasjon, og foreslo samarbeidsmøte eller
organisering liknande kvardagsrehabilitering som alternativ. Dette tyder på at
informantane er positive til å utvikle meir strukturert og tverrfagleg
samhandling for skrøpelege eldre i primærhelsetenesta.
Metodediskusjon
Utvalet i
studien var strategisk valt for å sikre breidde gjennom å ha deltakarar frå
ulike kommunar. Informantane hadde ulik kjennskap og erfaring med skrøpelegheit
og bidrog med rike beskrivingar. Rekruttering via leiande fysioterapeutar kan
ha ført til at dei valde deltakarar med særleg interesse for temaet, noko som
kan vere ein svakheit. Studien har eit avgrensa utval, og fleire informantar
kunne ha gitt eit breiare spekter av erfaringar. Funna samsvarar med større
internasjonale studiar, noko som kan styrke truverdet. Forfattaren si
forforståing og bakgrunn som fysioterapeut kan ha påverka tolkinga av funna,
men dette blei balansert gjennom aktiv refleksjon over eiga rolle i
forskingsprosessen. Funna kan ha overføringsverdi til andre kommunale kontekstar
med liknande organisering i helsetenesta.
Avslutning
Funna i
studien syner at samhandlinga rundt skrøpelege eldre i primærhelsetenesta er
både kontekst- og personavhengig. God samhandling var knytt til faste møtepunkt
og relasjonell kontinuitet, medan manglande struktur og samhandlingsverktøy
bidrog til avstand mellom tenestene. Vidare syner funna at informantane var
ambivalent til bruken av omgrepet skrøpelegheit; på den eine sida gav omgrepet
negative assosiasjonar, medan det på andre sida vert oppfatta som eit nyttig
klinisk omgrep. Vidare forsking bør utforska samhandlingserfaringar frå andre
yrkesgrupper, og korleis tenestene kan fremme tverrfaglege møteplassar og
styrke felles kompetanseutvikling.
Litteraturliste
1. Kyrdalen IL, Strand
BH, Selbæk G, Thingstad P, Ormstad H, Hoogendijk EO, mfl. Prevalence and future
estimates of frailty and pre-frailty in a population-based sample of people 70
years and older in Norway: the HUNT study. Aging Clin Exp Res. 10. september
2024;36(1):188. DOI: 10.1007/s40520-024-02839-y
2. Hoogendijk EO,
Afilalo J, Ensrud KE, Kowal P, Onder G, Fried LP. Frailty: implications for
clinical practice and public health. The Lancet. 12. oktober
2019;394(10206):1365–75. DOI: 10.1016/s0140-6736(19)31786-6
3. Nicholson C, Morrow
EM, Hicks A, Fitzpatrick J. Supportive care for older people with frailty in
hospital: An integrative review. Int J Nurs Stud. januar 2017;66:60–71. DOI: 10.1016/j.ijnurstu.2016.11.015
4. Kim DH, Rockwood K.
Frailty in Older Adults. Hardin CC, redaktør.
N Engl J Med. 8. august 2024;391(6):538–48. DOI: 10.1056/nejmra2301292
5. Meld. St. 9. Nasjonal helse- og samhandlingsplan
2024–2027 Vår felles helsetjeneste [Internett]. Helse- og omsorgsdepartementet;
2024 [sitert 7. januar 2025]. Tilgjengeleg på:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-9-20232024/id3027594/
6. Laukli I, Sandvik L,
Ormstad H. Frailty assessment of older adults, first-time applicants of public
home care service in Norway. Scand J Prim Health Care. 2. januar
2021;39(1):3–9. DOI: 10.1080/02813432.2021.1880069
7. Goodwin N, Stein V,
Amelung V. What Is Integrated Care? I:
Amelung V, Stein V, Goodwin N, Balicer R, Nolte E, Suter E, redaktørar. Handbook Integrated
Care. Springer, Cham; 2017. s. 3–23.
8. Hansson A, Svensson
A, Ahlström BH, Larsson LG, Forsman B, Alsén P. Flawed communications: Health
professionals’ experience of collaboration in the care of frail elderly
patients. Scand J Public Health. november 2018;46(7):680–9. DOI: 10.1177/1403494817716001
9. Kojima G, Liljas A,
Iliffe S. Frailty syndrome: implications and challenges for health care policy.
Risk
Manag Healthc Policy. februar 2019;Volume 12:23–30.
10. Hellesø R, Opheim R.
Samhandling i helsetenesta: sjukepleiarens faglege og organisatoriske rolle.
Oslo: Samlaget; 2023.
11. Meld. St. 47.
Samhandlingsreformen Rett behandling – på rett sted – til rett tid [Internett].
Helse- og omsorgsdepartementet; 2009 [sitert 12. januar 2025]. Tilgjengeleg på:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-47-2008-2009-/id567201/
12. Vik E. Helseprofesjoners samhandling – en litteraturstudie.
Tidsskr Velferdsforskning. 26. juni 2018;21(2):119–47. DOI: 10.18261/issn.2464-3076-2018-02-03
13. Obbia P, Graham C, Duffy FJR, Gobbens RJJ. Preventing frailty in
older people: An exploration of primary care professionals’ experiences. Int J
Older People Nurs. 2020;15(2):e12297. DOI: 10.1111/opn.12297
14. De Coninck L, Declercq
A, Bouckaert L, Döpp C, Graff MJL, Aertgeerts B. The willingness and barriers
to collaborate in the care of frail older adults: perspectives of primary care
professionals. BMC Geriatr. 11. august
2023;23(1):488. DOI: 10.1186/s12877-023-04163-y
15. Kyrdalen IL, Laukli I, Dunseth G, Ranhoff AH, Strand BH,
Ormstad H. Fastlegens rolle ved skrøpelighet hos hjemmeboende eldre personer. Tidsskr
Den Nor Legeforening. 8. mars 2021. DOI: 10.4045/tidsskr.20.0582
16. Rawlinson C, Carron T, Cohidon C, Arditi C, Hong QN, Pluye
P, mfl. An Overview of Reviews on Interprofessional Collaboration in Primary
Care: Barriers and Facilitators. Int J Integr Care. 22. juni 2021;21(2). DOI: 10.5334/ijic.5589
17. Anwari C,
Balasubramanian S, Sawant PS, Kuri U, Anand AK, Rao BC, mfl. Elder care: The
need for interprofessional collaboration between Family Physicians, Clinical
Pharmacists, and Physiotherapists in home-based primary care teams. J Fam Med Prim Care. september 2022;11(9):5170–5. DOI: 10.4103/jfmpc.jfmpc_2282_21
18. Thorne SE. Interpretive
description: qualitative research for applied practice. Second edition. New
York, NY London: Routledge; 2016. 336 s.
19. Malterud K.
Kvalitative forskningsmetoder for medisin og helsefag. 4. utg. Oslo:
Universitetsforl; 2017.
20. Thorne S, Kirkham SR,
O’Flynn-Magee K. The Analytic Challenge in Interpretive Description. Int J Qual Methods. 1. mars 2004;3(1):1–11. DOI: 10.1177/160940690400300101
21. Voie KS, Blix BH, Helgesen AK, Larsen TA, Mæhre KS. Professional home
care providers’ conceptualisations of frailty in the context of home care: A
focus group study. Int J Older People Nurs. 2023;18(1):e12511. DOI: 10.1111/opn.12511
22. Iversen TN, Larsen L,
Solem PE. A conceptual analysis of Ageism. Nord
Psychol. januar 2009;61(3):4–22. DOI: 10.1027/1901-2276.61.3.4
23. Wyller TB. Alderisme og aldersdiskriminering i
helsetjenesten? Tidsskrift for den Norske Lægeforening. 2018;138(1). DOI: 10.4045/tidsskr.17.0919
24. Grimsmo A. Samarbeid om skrøpelig eldre i helseforetak.
Oppsummerende refleksjonsnotat. [Internett]. KS; 2022. Tilgjengeleg på:
https://www.ks.no/contentassets/140dace12d1d4592a9d7766bbad94d7a/Skropelige-eldre-og-helsefellesskap-110922.pdf
25. Coker JF, Martin ME,
Simpson RM, Lafortune L. Frailty: an in-depth qualitative study exploring the
views of community care staff. BMC Geriatr. 19. februar 2019;19(1):47. DOI: 10.1186/s12877-019-1069-3
26. Supper I, Catala O,
Lustman M, Chemla C, Bourgueil Y, Letrilliart L. Interprofessional
collaboration in primary health care: a review of facilitators and barriers
perceived by involved actors. J Public Health. 18. desember 2014;fdu102. DOI: 10.1093/pubmed/fdu102
27. Vrijmoeth T, Wassenaar
A, Koopmans RTCM, Nieuwboer MS, Perry M. Generalist-Specialist Collaboration in
Primary Care for Frail Older Persons: A Promising Model for the Future. J Am Med Dir Assoc. februar 2022;23(2):288-296.e3. DOI: 10.1016/j.jamda.2021.12.016
28. Vik E, Hjelseth A. Integrasjon av helsetjenester: åtte teser
om samhandling i en funksjonelt differensiert helsetjeneste. Tidsskr
Samfunnsforskning. 21. april 2022;63(2):122–40. DOI: 10.18261/tfs.63.2.3
29. Helse- og omsorgstjenesteloven. Lov om kommunale helse- og
omsorgstjenester [Internett]. LOV-2011-06-24-30. Helse- og
omsorgsdepartementet; 2012 [sitert 10. mars 2025]. Tilgjengeleg på:
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-30/KAPITTEL_7#%C2%A77-2a
30. Jacobsen SE, Østerud KL, Vedeler JS,
Albertini Früh E. Individuell plan som digitalt samhandlingsverktøy:
fortolkning, bruk og avvisning. Tidsskr Velferdsforskning. 4. mars
2025;28(1):1–13. DOI: 10.18261/tfv.28.1.1
© Author(s) (or their employer(s)) 2026. Re-use permitted under CC BY-NC. No commercial re-use. See rights and permissions (https://creativecommons.org/licenses/by-nc/4.0/). Published by Fysioterapeuten.